Hopp til innhold

Stengde vegar i sør og nord: – Dra berre ut om de må

Snøvêr har skapt kaos på vegane fleire stader i landet. Mange av dei travlaste fjellovergangane er ennå stengde som følge av dårleg vêr fredag.

Hvitt på E18 vest for Tvedestrand

E18 vest for Tvedestrand fredag føremiddag.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

– Det er viktig å avpasse farta etter forholda, køyre forsiktig og legge inn ekstra tid, seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Sør, Kristin Våsjø.

Det har vore mange trafikale problem etter utfordrande vêr fleire stader i landet fredag.

Mange fjellovergangar er også stengde.

Brøytemannskap har vore i full sving i fleire landsdelar heile fredag. Særleg i Vestfold og Telemark og øst i Agder har det gått i eitt.

– Hald dykk heime

Joakim Tveit køyrer brøytebil ved Brokelandsheia i Agder. Han har halde på sidan klokka 04.00 i natt og reknar med å halde på fram til i kveld.

Tveit har eit klart og tydeleg råd til folk i området.

– Ver tolmodige og hald dykk heime. Dra berre ut om de må.

Brøytetog på E18 ved Rugtvedt, Bamble, Telemark

Brøytetog på E18 ved Rugtvedt, Bamble, Telemark

Vegtrafikksentralen oppfordrar folk om å vise omsyn til brøytemannskap.

Dei seier at køyreforholda kan endre seg raskt utover dagen.

Torsdag kom farevarsel frå Meteorologisk institutt om opp til 40 mm snø i Agder og deler av Vestfold og Telemark.

Frå Tvedestrand og austover er det nå kvitt på vegane.

Lengre vest langs kysten i Agder er det derimot snøfrie vegar og nedbør i form av regn.

Stengde vegar

Mange fjellovergangar er stengde på grunn av vêret. Vegvesenet varslar at det er fare for at fleire kan bli stengde på kort varsel.

Nokon fjellovergangar er opne for kolonnekøyring.

– Vêret styrer. Om vêret tillèt det vil ein halde kolonnekøyring, seier Våsjø hos Vegtrafikksentralen Sør.

Trafikkuhell rundt i landet skapar også trafikale utfordringar.

Ein Vy-buss har blant anna velta langs riksveg 110 mellom Råde og Fredrikstad. Det skal ha vore 12 passasjerar om bord i tillegg til bussjåføren.

Alle kom uskadd frå hendinga.

– Alle har det greitt og er frakta inn i ein ny buss på staden. Ambulansen er på veg, seier operasjonsleiar i for Aust politidistrikt, Håkon Hatlem.

Folk må pådregne kø.

Buss veltet på riksvei 110

Ein buss har velta langs riksveg 110.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Klokka 13.00 meldte politiet om ein lastebil som sperra begge køyrefelt på E18 ved Asker på veg ut av Oslo.

Vegar er nå opna igjen.

På riksveg 7 mellom Flå og Sokna har det gått eit snøskred ca. 2 kilometer nord for Ørgenviktunnelen.

Skredet blokkerer vegen i nordleg retning, fortel ein tipsar til NRK.

– Det var ingen skade eller personskade, men det kom brått på, seier tipsaren.

– Lurt å la bilen stå

På ein bensinstasjon langs E18 i Sandefjord står taxisjåfør Ibrahim Raka og børstar vekk snø som har samla seg på bilen.

Han er i godt humør, sjølv om han meiner det er vanskelege køyreforhold nå.

– Dei fleste vegar er ikkje brøyta ordentleg. Eg skjønner at det er vanskeleg for brøytebilane. Me må berre ta det som det kjem.

Han trur det kan vere lurt å la bilen stå og halde seg heime i dag.

– Eg skulle helst ha vore inne, men eg må køyre. Eg må hjelpe til.

Taxisjåfør Ibrahim Raka børster snø av en bil på Fokserød i Sandefjord.

Taxisjåfør Ibrahim Raka børstar snø av ein bil på Fokserød i Sandefjord.

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

Arne Nilsen køyrer tømmerbil. Han har vore på vegane i Vestfold i fleire timar.

Han ber sjåførar av personbilar om å ta omsyn når dei møter vogntog som er på veg oppover bakkane.

– Gi oss litt plass, så me ikkje trenger å stoppe. Da er det vanskeleg å kome i gang igjen.

Sjåfør Arne Nilsen fyller drivstoff på et vogntog.

Sjåfør Arne Nilsen fyller drivstoff på et vogntog.

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

Kollektivtransport ramma av uvêr

Hurtigbåtkaia i Vanvikan i Indre Fosen er skada i uvêret. Det betyr at hurtigbåten over Trondheimsfjorden mellom Skansen i Trondheim og Vanvikan på Fosen er innstilt.

Det går buss for båt. Det er usikkert når forbindelsen kjem i gang igjen.

Også togtrafikken har hatt trøbbel.

Kraftig snøfall ved Grovane stasjon i Vennesla nord for Kristiansand slo ut dei straumførande kablane som held Sørtoget i gang.

Passasjerane med toget på veg til Oslo klokka 09.54 måtte returnere til Kristiansand. Problema skal nå vere retta, og toget reiste mot aust kl. 12.30.

Bildet inne fra Sørtoget.

Det blei mange timar venting for passasjerane på Sørtoget i retning Oslo.

Foto: Tipser

Vestfoldbanen er stengt mellom Holmestrand og Skoppum på grunn av feil på ein sporveksel. Bane Nor opplyser at de jobbar med å rette feilen.

Køar i morgontimane

Fleire stader har vegane vore stengde i periodar på grunn av ulykker og mens det har gått føre seg berging av vogntog som har fått problem.

Det skjedde blant anna fleire samanstøyt mellom bilar på E6 over Mjøsbrua i Innlandet etter at ein lastebil mista eit hjul i sørgåande køyrefelt fredag morgon.

Vegen var stengd i begge retningar eit par timar.

Kø på Mjøsbroa fredag 6. januar

Det var kø på Mjøsbrua i morgontimane fredag etter at fleire bilar skal ha støtt saman.

Foto: Statens vegvesen

Like før klokka 06.00 kom det meldingar om ei ulykke på E18 ved Porsgrunn, mellom ein brøytebil, lastebil og personbil.

Det vart meldt om lange køar i nordgåande retning.

Meir snø i vente – og flaumvarsel

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om is for delar av Agder og Austlandet fredag kveld.

Det er fare for is og underkjølt regn i Agder. Frå laurdag føremiddag gjeld varselet også for Austlandet.

Våt E18 Kristiansand 06012022

Våte vegar langs kysten vest i Agder kan bli svært glatte fredag kveld, varslar Meteorologisk institutt.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Laurdag kjem meir mildvêr med regn.

NVE har sendt ut gult varsel om flaumfare for kystnære deler av Agder og Rogaland frå laurdag ettermiddag.

Det er venta vêromslag frå laurdag formiddag med snøsmelting og regn opp mot 600 moh. Dette kan føre til lokale overfløymingar og overvann over vegar.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %