Hopp til innhold

Uvanleg mange barn og unge ringer Alarmtelefonen i sommar

Fleire barn og unge med psykiske problem har ringt Alarmtelefonen i sommar. Årsaka er at mange får problem når det vanlege behandlingstilbodet stengjer i ferien.

alarmtelefon

Alarmtelefonen for barn og unge opplever stor pågang i sommar.

Foto: NRK

– Dei fortel at behandlaren deira har teke ferie og at dei må vente til over sommaren med å få eit behandlingstilbod. Mange opplever det som tøft og vanskeleg, seier informasjonsarbeidar i Alarmtelefonen, Sylvia Obuchowicz til NRK.

Stor pågang

Alarmtelefonen for barn og unge vert administrert frå Kristiansand. Så langt i sommar har pågangen frå ungdom mellom 13 og 18 år, som slit psykisk, toppa seg.

Ho påpeikar også at meir fritid og familiære problem forsterkar problema.

– Vi har fått førespurnader frå ungdommar som vi har vurdert som akutte, seier ho.

I slike tilfelle tek Alarmtelefonen kontakt med barnevernsvakta i kommunen dei høyrer til, dersom det finst ei slik vakt. Alternativet er politiet eller AMK.

– Fare for liv og helse

– Det har vi gjort i tilfelle der vi har vurdert at det kan vere fare for liv og helse til ungdommen, seier Obuchowicz.

– Kva råd gir de til ungdommen som ringer?

– Vi oppfordrar dei til å fortelje foreldra korleis dei har det, eller å snakke med ein vaksen som dei stolar på og har tillit til. Dersom dei tykkjer det er vanskeleg ber vi dei ta kontakt med lokal barnevernsteneste eller lokalt behandlingsapparat, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %