NRK Meny
Normal

Utvidar klagefristen på e-skatt

Huseigarar i Kristiansand får to vekers utvida frist for å klage på eigedomsskatten.

Boliger Gimlekollen

UTVIDA: Klagefristen for eigedomsskatten er utvida i Kristiansand. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Klagefristen var opprinneleg sett til 28. mars, men er no forlenga til 11. april.

– Etter eit veldig opplysande møte med Randesund bydel er det soneinndelinga vi må sjå på umiddelbart, seier Hans Otto Lund frå Høgre, til NRK.no.

– Det er nokså utruleg at til dømes Randesund ligg i sone 8, medan Flekkerøy ligg i sone 6, altså ei rimelegare takstsone, seier han.

– Vi må sørge for at alle kan få inn klagene sine, seier Lund.