– Vi er godt nøgde og det er meir enn vi hadde venta, seier Steinar Nomeland som er andre kandidat på Bygdelista.
I Valle er alle stemmene allereie talt opp, og der fekk det nye partiet Bygdelista 24,9 prosent av stemmene.
Dei får med dette kvar fjerde stemme i kommunen og det er uvisst kven som blir ordførar der.
Nærast dødt løp
Det var knytt ei viss spenning til korleis utbrytarpartiet kunne påverke ein fleirtalskoalisjon i Valle.
I januar melde toppkandidat Georg Sørmo og to andre av Senterpartiets kommunestyrerepresentantar i Valle seg ut av partiet for å stille til val på den tverrpolitiske lista.
Dei fleste av medlemmene kjem frå det grøne og blå i det politiske landskapet.
– Tre lister var for lite. Det måtte vere fleire å velje mellom, seier Nomeland.
Nomeland peikar på fleire grunnar til det gode valresultatet.
– Vi har satsa på unge til bygda og barnefamiliar. Så har det vore ei liste med engasjerte personar som kanskje ikkje hadde vore med om ikkje Bygdelista hadde vore med.
Nomeland fortel om god stemning på valvaka til partiet måndag kveld, og tek dei første timane etter valresultatet med ro. Han vil ikkje seie noko om kven dei ønskjer eit eventuelt politisk samarbeid med.
– Vi får vere audmjuke for dei som har stemt på oss.
I Valle er det fortsatt usikkert kven som blir ordfører.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK LuftfotoValtapar med 22,9 prosent
Senterpartiet blir det største partiet til kommunen med 29,4 prosent av stemmene, men går samstundes kraftig tilbake.
Dei taper 11,1 prosentpoeng samanlikna med valet i 2019.
Ap og Høgre er omtrent like store med 22,9 prosent av stemmene.
Ap misser dermed to mandat.
Senterpartiet og Arbeiderpartiet får fire mandat kvar, medan Høgre får tre.
Bygdelista kan dermed sikre seg eit fleirtal i kommunestyre med både Sp og Ap i ein koalisjon.