Hopp til innhold

Utanlandsk sjukepleievikar stadfesta smitta av koronaviruset

Ved sjukehuset i Flekkefjord jobbens det no med å spore opp alle pasientar som har vore i kontakt med vikaren.

Flekkefjord sykehus dronebilde

Ein vikar ved Sørlandet sjukehus i Flekkefjord har testa positivt på covid-19.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Vikaren hadde berre jobba i to dagar då den positive testen på covid-19 kom.

– Vi er i gang med smittesporing av alle pasientar som har vore i kontakt med personen.

Det seier fagdirektør Susanne Hernes ved Sørlandet sjukehus.

Tidlegare i sommar testa ein svensk vikar ved Helgelandssykehuset positivt. Det førte til at heile den kirurgiske avdelinga stengde.

Også ved Nordfjord sjukehus i gamle Sogn og Fjordane testa ein svensk vikarlege positivt for covid-19.

Det same skjedde med to svenske sjukepleiarar i Arendal.

Vikaren er frå eit land utanfor Norden. Noko meir presist enn det ønskjer ikkje sjukehuset å gå ut med.

– Flekkefjord er ein liten stad med mange vikarar. Derfor ønskjer vi ikkje å gå ut med noko som land personen er frå, seier Hernes.

Vikaren hadde på seg munnbind heile tida på jobb, og hadde ingen symptom.

– Då skal det ganske mykje til før ein kan overføre smitte. Vi gjer ei vurdering på kvart enkelt tilfelle om vi skal teste dei som har vore i kontakt, eller om dei berre skal vere årvakne på symptom, seier Hernes.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %