Hopp til innhold

Urutinert ØIF-mannskap tapte

Preben Vildalen og André Jørgensen stod over bronsefinalen i sluttspelet mot Elverum. Dermed var det unggutane som måtte ta ansvar. Det gjekk berre nesten då ØIF tapte med eitt mål.

– Det er litt surt å tape med eitt mål, for vi har eigentleg føringa mot slutten. Vi fightar bra og gjer oss aldri, seier ØIF Arendal-spelar Sondre Paulsen til NRK.

ØIF måtte klare seg utan både André Jørgensen (skade) og Preben Vildalen i dagens bronsefinale. Dermed måtte Leif Gautstad stole på unggutane. Det gjekk berre nesten. Resultatet vart 27-26 til hedmarkingane.

SJÅ: Kampen minutt for minutt

Håvard Augensen fortvilar, ØIF Arendal

FORTVILA: Håvard Augensen deppar etter 26-27-tapet mot Elverum i bronsefinalen i sluttspelet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Gautestad: – Bittert

– Ja, dessverre vart det berre nesten. Eg føler vi gjer ein fenomenal innsats. Vi stressar Elverum gjennom heile kampen og når to minutt står att leiar vi til og med. Det er veldig bittert at vi ikkje klarar å avgjere til vår fordel, seier trenar Leif Gautestad.

– Vi har ein blanda tropp med nokre rutinerte og nokre urutinerte spelarar. I dag var det mange av dei unge som måtte ta ansvar. Når ein då skal inn å avgjere slike kampar kan det ha vore ein fordel å ha vore i situasjonen tidlegare, seier Gautestad.

ØIF-spelar Andreas Kjølner Hansen følgde kampen frå tribuna. Han trur nettopp mangel på rutine var årsaka til at ØIF Arendal ikkje makta å ta seg til finale i går, og gjekk på ein ny smell i dag.

Urutinert mannskap

– Vi blir tekne litt på urutinen og slik var det også i går. Eg var ikkje her i går, men forstod det slik at ankelte vart litt prega av alvoret. Lysta til å spele ein finale er alltid der. Når alt buttar imot er det ikkje lett. Eg trur det er årsaka til at vi endar på fjerdeplass og ikkje spelar finale, seier Kjølner Hansen til NRK.

Men uansett har det unge ØIF-mannskapet lært av sluttspelhelga. Sondre Paulsen trur laget har komme styrka ut av sesongavslutninga, sjølv om det enda med to tap.

Sondre Paulsen, ØIF Arendal

GOD: Sondre Paulsen har hatt ein kjempesesong i ØIF-trøya.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi spelar to kampar på to dagar, og det er fleire lag her. Det har vore ei heilt ny oppleving, men også ei morosam oppleving. Eg har lyst til å vere med også neste år, seier Paulsen.

– Kan du love sluttspel også neste år?

– Ja, dersom vi er like dyktige som vi har vore i år er det iallefall gode moglegheiter, seier han.

– Då går vi for edelt metall, smiler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %