Hopp til innhold

Uroa over mange rusmisbrukarar

Nav-leiar i Vennesla, Rolf Velle, meiner Vennesla har urovekkjande mange tunge rusmisbrukarar.

Rolf Velle

Rolf Velle er bekymra over mange rusmisbrukarar i Vennesla.

Foto: Odd Rømteland / NRK

I fjor var ti personar under 18 år til tvungen rusbehandling.

– Vi har mange vi er bekymra for i kommunen, som har eit uheldig rusmisbruk, som blir fanga opp av det offentlege, seier Velle til NRK.

– Urovekkjande

– At Vennesla har ti personar i behandling under 18 er eit høgt tal tykkjer eg. Det i seg sjølv er urovekkjande, seier han.

Det skal no setjast ned ei eiga arbeidsgruppe for å stake ut ein ny ruspolitisk kurs. Planen skal vere klar om eitt år.

I tida framover skal det gjerast ei grundig kartlegging av russituasjonen.

– Vi ser at vi har eit forholdsvis høgt antal som vi er uroa for. Vi håpar også å kunne få vite litt meir om korleis vi ligg an samanlikna med andre kommunar gjennom at vi får ta ei litt betre teljing, seier Velle.

Samarbeid med klinikk

Kommunen skal no samarbeide med Borgestadklinikken for å få hjelp til å klare utfordringane innan rus.

– Vi er veldig interessert i å knyte til oss kompetanse, seier han.

Status per i dag er at i overkant av 70 personar har rusoppfølgjingstiltak frå NAV. Velle reknar med at det blir endå fleire etter kartlegginga.

– Vi vil i alle fall få tak i dei personane som er identifisert. Det er mange som vi veit om som ikkje får noko form for oppfølging, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %