Hopp til innhold

Muradi er uroa for familien sin - fryktar at Taliban les norske nettaviser

Kamptolken Faizullah Muradi fryktar at mediemerksemda kring han i Norge kan skade familien i heimlandet.

Faizullah Muradi

Faizulla Muradi er no tilbake i Mandal. Han vedgår at han tenkjer mykje på familien i Afghanistan.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Faizullah Muradi

Failzullah Muradi vert feira i Mandal laurdag.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Eg er uroa for familien min i og med at eg har fått så mykje merksemd, seier Muradi til NRK.

Frå historia vart kjent i mai til han var tilbake igjen i Norge torsdag har oppslaga vore mange.

Muradi er redd for at representantar frå Taliban får med seg saker om han, som vert publisert på internett.

Trass i at 22-åringen er uroa for familien snakkar han ope kring situasjonen.

Muradi jobba som tolk for norske styrker i Afghanistan og måtte flykte på grunn av frykt for represalier frå Taliban.

– Sakene kan lesast over heile verda. Eg har snakka med dei, og så langt er dei trygge og slik håpar eg det blir, seier han.

– Føler meg heime

Muradi vart pågripen av politiet i Mandal sett på eit fly til Italia natt til 27. mai. Utkastinga førte til politisk rabalder og store medieoppslag.

Til slutt ba statsminister Erna Solberg om at Justis- og beredskapsdepartementet måtte sjå på saka til Muradi på nytt. Seinare vart det også klart at han fekk lov til å reise tilbake til Norge medan asylsøknaden hans vert behandla.

Muradi kom tilbake til Mandal natt til fredag. Først vart han møtt med applaus på Gardermoen. Deretter vart han hylla av krigsveteranar då han kom til Kristiansand lufthavn Kjevik. Natt til fredag vart heimkomsten feira i Mandal.

– Eg er veldig glad. Eg føler meg heime her. Eg føler ikkje at eg er ein innvandrar. Eg har kjent folka her lenge. Denne kjensla gjer meg glad, seier han.

Laurdag kveld arrangerer vener og kjende ny fest for Muradi.

– Då eg kom prøvde eg å hjelpe til, men då fekk eg beskjed om at eg skulle slappe av og at dette er min dag, smiler han.

Støttegruppen til Faizullah Muradi arrangerte hagefest for ham i Mandal lørdag.

Sjå video og intervju frå hagefesten i Mandal laurdag.

Var frustrert

Kamerat og leiar for støttegruppa til Muradi, Morten Ekeland, gler seg til festen.

– Dette er heimkomstfesten hans for å helse han velkommen heim til Norges vakraste by. Vi skal ete god mat, drikke saft, kose oss, slappe av og nyte gode samtaler med fantastiske menneske, seier Ekeland til NRK.

Muradi vedgår at han ikkje hadde trudd at han ville vere tilbake i Norge etter så kort tid, etter at han vart sendt ut av landet til Italia. Samstundes er han framleis overraska over at styresmaktene ville kaste han ut.

Morten Ekeland

Morten Ekeland er ein av venene og støttespelarane som har laga fest for Muradi laurdag.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Første gang eg fekk avslag på asylsøknaden tenkte eg wow, er dei seriøse? Etter alt eg har gjort for Norge, skal dei berre lukke auge og øyre og late som ikkje noko har skjedd. Det var frustrerande, seier Muradi.

– Men eg og støttespelarane mine gav ikkje opp, og her er eg. Det vart ein lukkeleg slutt, seier han.

Skal møte UDI

Morten Ekeland seier at han hadde stor tru på at Muradi ville få komme tilbake då han vart send ut av landet.

– Eg hadde faktisk det. Eg reiste til Italia med returbillett torsdag og hadde forventning om å ha han med meg heim. Eg håpa og trudde, og så skjedde det. Det er fantastisk, seier han.

No ventar 22-åringen på at asylsøknaden hans vert behandla på nytt.

Tysdag skal han møte UDI i Oslo.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %