Hopp til innhold

Unge bønder vurderer å legge ned: – Er det verdt det?

Skyhøge straumrekningar, dyrare drivstoff og dyrare kunstgjødsel. Mange bønder vurderer å legge ned.

Tor Hallvard Mosdøl

Tor Hallvard Mosdøl vurderer å legge ned garden. Han er usikker på om han vil investere millionar i fjøsen, slik situasjonen er no.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Skal vi bruke alle våre pengar og sparepengar på fjøsen? Skal vi bruke av fritida til familien? Kan vi reise på ferie med ungane? Blir prisen for høg? Det er spørsmåla vi stiller oss no. Er det verdt det, spør bonde Tor Hallvard Mosdøl (39) i Bykle i Setesdal.

I 2017 tok trebarnsfaren og kona over garden i Setesdal. Begge jobbar ved sidan av gardsdrifta. Elles hadde det ikkje gått rundt.

Planen har heile tida vore å bygge på, og bygge om fjøsen, for å effektivisere drifta.

– Det har vore dårleg lønsemd lenge. Så har vi fått ein kostnadseksplosjon no, som gjer at vi gjer oss nokre tankar når vi skal investere så mykje pengar, seier han.

Tor Hallvard og kona

Tor Hallvard Mosdøl saman med kona Jørgine Sofie og sonen Tarjei (4). Sonen seier han vil jobbe på garden når han blir stor, og at han tykkjer det er moro å køyre traktor med pappa.

Foto: Leif Dalen / NRK

Investerte for å satse, men så...

Det meste har blitt dyrare for bøndene. Berre sjå her:

  • Byggemateriale er blitt mykje dyrare. Det gjer byggeprosjekt langt dyrare enn tidlegare
  • Kraftforprisane aukar
  • Straumprisen er mangedobla
  • Det er dyrare i bruke traktor og andre maskiner på grunn av dyrare besin og diesel
  • Prisen på kunstgjødsel er dobla

– Her på garden produserer eg vel middagen til rundt 600-700 nordmenn. Berre på kunstgjødsel har kostnaden auka med 150.000 for meg. Når eg då fortel at eg i fjor dreiv i null, så blir det minus neste år, seier Jørund Kvaale Hansen (39) i Bygland.

For fem år sidan bygde han nytt fjøs fordi han ynskte å leve av produksjonen. Men i dag tener han ingenting.

– Sidan siste spiker gjekk i bygget her, har prisane stige gradvis. Det siste året har kostnadene eksplodert. Samstundes har prisane på varene vi produserer stått stille, seier han.

Jørund Kvaale Hansen
Foto: Leif Dalen / NRK

Lovar bondestøtte

Knut Erik Ulltveit er leiar i Bondelaget i Agder. Han fryktar at kostnadsauken i landbruket vil «knekke» mange bønder.

– Fleire bønder vurderer å legge ned eller trappe ned for å kunne jobbe meir utanfor garden. Det er kritisk for norsk matproduksjon viss bønder går ut av næringa, seier han.

Landbruksminister Sandra Borch har lova at bøndene skal få kompensert for auka kostnader i 2021 og 2022.

– Vi vil betale ut dei ekstra kostnadene som har komme knytt til situasjonen vi er i no allereie i 2022, seier Borch.

Knut Erik Ulltveit

Knut Erik Ulltveit er leiar i Bondelaget i Agder. Han høyrer stadig om bønder som vurderer å legge ned drifta.

Foto: Leif Dalen / NRK

Må få hjelp av far

Det er heilt naudsynt, meiner bøndene. Men dei har store forventningar til jordbruksoppgjeret til våren.

– Eg forstår veldig godt at mange er i tvil om dei vil halde fram som bønder. Det er veldig viktig at vi får garantiar frå ei regjering som seier dei ynskjer å satse på matproduksjon, seier bondelagsleiaren.

For Tor Hallvard Modsøl kan jordbruksoppgjeret bli avgjerande for om han held fram drifta.

– Far min som nærmar seg 80 år går i fjøsen dagleg i dag. Utan han går ikkje dette. Difor må vi bygge om. Vi må ha eit anna system slik at vi kan handtere drifta i det daglege, seier han.

– Er det betre å avslutte og heller sette pengane i fond? Det er betre avkastning der. Det trur eg dei fleste ser. Eg fryktar for framtida. Vi må stille oss spørsmålet om det er gardar att i Setesdal om 30 år. Slik situasjonen er no aukar kostnadene på alt vi brukar i landbruket, seier Mosdøl.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %