Her leitar dei etter sakna Risør-mann

Mannen som er sakna på sjøen utanfor Søgne er frå Risør. Leitinga etter mannen held fram tysdag.

Laster kart, vennligst vent...

– Pårørande er orientert og vi har etablert eit kriseteam som er der for dei som treng det, seier lensmann i Risør Odd Holum til NRK.

Sørlendingen vart meldt sakna måndag kveld etter at han forsvann i sjøen då han skulle ut for å dykke saman med to kameratar i Søgne.

Leitemannskapa har sirkla inn eit søkeområde ut ifrå havstraumar og vindretning (sjå kart i toppen).

Erfaren friluftsmann

Mannen er tidleg i 20-åra og vert beskrive som ein erfaren friluftsmann. Han skal også ha drive med dykking i lengre tid.

Etter det NRK kjenner til skal dei tre kameratane har lagt ut på sjøen i privat regi.

NRK har vore i kontakt med Søgne Dykkerklubb som seier at dei ikkje har kjennskap til dei tre mennene.

Etter det NRK kjenner til skal ein av dei tre kameratane ha god kjennskap til området dei skulle dykke i.

RS 155 «Bendt R. Rasmussen»

RS 155 «Bendt R. Rasmussen» deltek i søket etter mannen.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Godt utstyrt

Fleire båtar og eit Sea King-helikopter har leita etter mannen i heile natt utan resultat. Leitinga blir trappa opp utover morgonen tysdag.

Hovudredningssentralen har framleis håp om at dei skal finne mannen i live. Årsaka er at mannen var godt utstyrt då han forsvann i sjøen.

– Han var ikledd tørrdrakt og hadde full kledning under. Han hadde på seg oppdriftsvest og hadde luft og maske på. Han var godt rusta til å klare seg i vatnet, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Asbjørn Viste til NRK.

Han håpar at mannen kan ha komme seg opp på eit skjær eller ein holme.