Hopp til innhold

Undersøkjer fortida til drapsoffer

Politiet i Farsund vil no undersøkje om drapsmotivet kan knytast til den drepne si fortid. Torsdag vert dei tre sikta framstilt for varetektsfengsel.

Drap i Farsund

DRAP: Ein mann i 50-åra vart funne drept i Farsund tysdag. No undersøkjer politiet om dei kan finne eit motiv i fortida til mannen.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Det er ein del av etterforskinga at vi går inn på alle. Dei sikta og den fornærma er kjenningar av politiet. Vi vil sjå på forhistoria til fornærma og sjå om det kan liggje eit motiv der, seier politiadvokat Hellek Rue til NRK.no.

Dømd for overgrep

Mannen i 50-åra, som vart funne drepen tysdag, er tidlegare dømd i overgrepssaker.

Mannen vart funne død på ei adresse i Farsund tysdag kveld. Kort tid etter vart tre menn arrestert og sikta i saka. Alle dei tre mennene nektar for å ha noko med drapet å gjere. Det kan bli aktuelt å utvide siktinga mot dei tre mennene.

– Vi tek sikte på å framstille dei til varetektsfengsling. Årsaka er fare for øydelegging av bevis, seier Rue.

– Kan det bli aktuelt å utvide siktinga?

– Det har vi ikkje teke endeleg standpunkt til, seier politiadvokaten.

Funne i stova

Den drepne mannen vart funne i sofaen i stova og skal ha flytta inn i den kommunale bustaden for 14 dagar sidan.

NRK kjenner også til at den drepne skal ha blitt sleppt ut av fengsel for å ha sona ein overgrepsdom for om lag eit år sidan.

Drapet i Farsund er det sjuande drapet på Agder hittil i år.

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 05 0,54 kr
Dyrest kl. 10 0,61 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %