Står framleis utan svar etter brannen: – Held alle moglegheiter opne

Politiet har fått inn mange vitneforklaringar etter brannen i trehusbusetnaden i Risør. Krimteknikarar undersøkjer no branntomta.

Krimteknikere etter brannen i Risør

Krimteknikarar frå politiet seg seig fredag inn på sjølve branntomta i Risør. Årsaka til brannen er framleis ikkje kjend.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det er for tidleg å seie om vi har fått inn nokon heilt avgjerande tips eller forklaringar, seier lensmann Odd Holum til NRK.

Fleire trehus vart ramma då det byrja å brenne i Risør sentrum natt til onsdag.

Politiet har endå ikkje funne ut kvar eller korleis brannen starta.

– Det er alt for tidleg å seie, seier Holum.

Odd Holum

Lensmann Odd Holum siger dei har fått fleire tips etter brannen i Risør.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Vurderer å be om bistand

Krimteknikarar jobbar no med å finne årestaden til brannen. Samtidig kan det bli aktuelt å be om hjelp.

– Så får vi vurdere om vi får behov for ytterlegare bistand frå andre teknikarar eller Kripos, seier han.

– Dei har ekspertise som kan vere nyttig så lenge det er snakk om såpass store verdiar som det er. Men vi har ikkje teke stilling til det endå. Vi må få ei oversikt over sjølve branntomta først, siger Holum.

Brann i Risør

Det brann kraftig i fleire hus i Risør sentrum natt til onsdag.

Foto: Hans Petter Bjerva / Aust- Agder blad

– Held alle moglegheiter opne

Politiet driv òg taktisk etterforsking. Dei har henta inn ei rekkje vitneforklaringar og videoar. Dette arbeidet går framleis føre seg.

Det var først fredag det vart sett i gang tekniske undersøkingar inne på sjølve branntomta.

– Vi har ei oppfatning om noko som hus det starta i, seier han utan å vilje utdjupe det.

– Mistenkjer de noko kriminelt?

– Nei, vi har ikkje nokon teoriar om kva som har skjedd. Vi held alle moglegheiter opne, seier han.

Vart heidra

Samtidig som krimteknikarar tok seg inn på tomta vart både politi og brannvesen heidra av kommunen.

Ordføraren i byen møtte opp med kake og blomstrar for å takke for innsatsen.

– Vi har vore heldige og har dyktige folk. Ikkje minst brannvakta som har vore heilt avgjerande for at brannen ikkje fekk større omfang, siger Lunden.

Stasjonsleiar ved brannvesenet i Risør, Neil Blandford, set stor pris på merksemda.

– Vi er veldig glade for å bli sett. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå ordførar og folk i byen, siger han.

Ordfører Per Kristian Lunden takker politi og brannvesen

Politi og brannvesen vart heidra av kommunen fredag. Her har politiet fått merksemd og takk frå ordføraren (t.v.).

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK