Hopp til innhold

Meiner det ikkje er fare for nye ras

Geologar meiner det ikkje er umiddelbar fare for nye steinras i fjellsida i Bygland der ei steinblokk på ti tonn deisa ned i vegbana.

Befaring rasområde riksvei 9 Bygland

Geologar undersøker rasstaen i Bygland fredag føremiddag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Gigantisk stein i Bygland

Steinblokka landa midt på vegen.

Foto: Bjørg Vatnestrøm
Helikopter undersøker rasstad

Geolog nyttar helikopter for å kartlegge rasfaren.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Det er ei laus blokk som har losna etter kraftig regnvêr natt til torsdag, seier geolog Jone Strømsvåg til NRK.

I føremiddag var han oppe i helikopter saman med ein kollega for å vurdere faren for nye ras.

Det var natt til torsdag at ei steinblokk på kring ti tonn rasa ut i vegbana like ved avkøyrsla til Austad kyrkje i Bygland.

Vegtrafikksentralen vart varsla om hendinga klokka 04.20 natt til torsdag.

Meir lausmasse i området

Geologane har også konkludert med at det ligg massar som andre plassar som kan komme ned.

– Det er skredmassar og morenemateriale som ligg oppetter fjellsida. Det kan vere tilsvarande mekanismer, men det må vi diskutere, seier Strømsvåg.

– Kan det bli sikra på sikt?

– Det kan vere, men det er for tidleg å seie noko om, seier han.

Nabo: – Høyrer ofte ras

Geologar var på staden torsdag ettermiddag, men på grunn av mykje nedbør og dårleg sikt bestemte dei seg for å utsette synfaringa til fredag.

Oddvar Gunstveit bur berre hundre meter unna der steinen vart liggande i vegbana. Han fortel at han ofte høyrer at det rasar frå fjellsida.

– Eg høyrde ingenting denne gongen, men eg høyrer ofte at det rasar. Ikkje dagleg, men med jamne mellomrom, seier han til NRK.

– Kva tenker du om at steinen var så nær huset ditt?

– Nei, det tenker eg ikkje noko på. Eg er ikkje redd for at huset skal bli treft. Eg er trygg, seier han.

Gunstveit fortel også at både han og andre gav beskjed til vegvesenet om rasfaren då det vart bestemt å ruste opp vegen.

Hadde lyttepost

Steinblokka rasa truleg ut 300-400 meter oppe i fjellsida. Torsdag hadde vegvesenet lyttepost i området. Dette for å ta grep dersom det skulle komme nye ras.

Torsdag konkluderte vegvesenet med at det ikkje var naudsynt å stenge vegen. Etter synfaringa fredag kom dei altså til same konklusjon.

Steinblokk på ti tonn raste ut på riksvei 9

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %