I undersøkinga som Respons Analyse har utført for Aftenposten, seier 40 prosent av heile befolkninga at dei oppfattar seg som kristne.
Helga Haugland Byfuglien, fast preses i Bispemøtet, er ikkje overraska over resultatet.
– Desse tala føyer seg inn i ei rekkje av fleire undersøkingar. Delen som er medlem i Den norske kyrkja, er gått ned, seier Byfuglien.
– Hovudgrunnen til det er endra samansetjing av befolkninga. Talet på medlemmer er nokså stabilt, men vi erkjenner at vi som kyrkje blir utfordra av nye trendar i tida, seier ho.
Blant dei over 60 år oppgir 53 prosent av befolkninga at dei oppfattar seg som kristne, medan berre 22 prosent under 30 år seier det same.