NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter utforkøyring på E39

Ei kvinne er send til sjukehus etter ei utforkøyring på E39 vest for Lohnelier i Søgne.

Utforkøyring på E39 i Søgne

Bilen kolliderte med eit tre etter å ha køyrt av vegen.

Foto: Klara Turid Fidje Frettun/Søgne og Songdalen Budstikke

– Det er snakk om mindre personskade, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Magne Storaker til NRK.

Bilen køyrde rett i eit tre etter å ha køyrt av vegen.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.15. Trafikken går som normalt forbi ulykkesstaden.