Hopp til innhold

Udjus vil slå favorittklubben

Sogndal-keeper Kenneth Udjus er fødd Start-supportar. Søndag skal han stikke kjeppar i hjula for eit Start-lag i poengnød.

Kenneth Udjus

OPTIMIST: Sogndal-keeper Kenneth Udjus trur på Sogndal-siger i oppgjeret mot Start søndag.

Foto: Rune Fossum/NRK

– Det kjem til å bli spesielt. Eg har jo vore Start-supportar heile livet, seier Kenneth Udjus til NRK.no.

Sisteskansen har hatt ein god sesong i Sogndal-buret, sett bort ifrå kampen mot Brann der ein kjempetabbe gav bergensarane sigeren.

Viktig kamp

Søndag er han tilbake i heimbyen Kristiansand. Då er det Sogndal-poeng som gjeld for sørlendingen.

– Eg gler meg til det og håpar at Sørlandet viser seg frå si beste side, seier Udjus.

– Det vert ein spennande kamp. Vi kjem til å liggje litt bakpå og eg er litt spent på kva Start vil gjere, om dei kjem til å fly ut frå start eller om dei vil vere litt avventande. Det er ein viktig kamp for begge lag, så det vil nok prege oppgjeret, seier Sogndal-keeperen.

Så langt har det blitt ni kampar i eliteserien for Sogndal. Sogningane ligg heilt sist på tabellen før kampen mot Start. Kristiansandsklubben ligg på plassen over berre to poeng føre.

– Det er viktig for oss å vinne og henge med inn mot haustsesongen. Det kan bli eit stykke opp dersom vi skulle tape. Vi må ikkje vinne, men det er viktig å vinne, ler Udjus.

Kenneth Udjus

FORSVAR: Kenneth Udjus med redning i 1-0 sigeren mot Stabæk tidlegare i år. - Det defensive vert pri ein også mot Start, seier Udjus til NRK.no.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Slo Start som Brann-keeper

Sjølv har han vore med på å vinne på Sør Arena. I 2009 slo nemleg Brann Start 1-0 i Kristiansand, med Kenneth Udjus i mål.

– Det var kjempekjekt. Då eg var i Start var dei i god form og låg høgt på tabellen. I Brann sleit vi nok litt meir og låg lenger ned på tabellen. Vi visste det kom til å bli ein kjempetøff bortekamp, og var vel kanskje litt heldige som vann den kampen, seier han.

– Eg voks opp på Gimlekollen med Jesper Mathisen ikkje så langt unna. Christer Kleiven var i Vigør då eg spelte der, og Ole Martin Årst var jo i Tromsø når eg var der, seier Udjus.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix
Ole Martin Årst

Ole Martin Årst

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Det er ikkje berre Udjus som har eit fortid i Start. Også spissen Espen Olsen spelte i Start då han var på utlån frå Stabæk. Noverande Start-keeper Kenneth Høie spelte i Sogndal i eliteserien i 2004. Høie var på lån frå Bryne. Også Ole Martin Årst hadde ein kort periode i Sogndal, då han var utleigd frå Tromsø i 1995.

Trur på jamn kamp

Kenneth Udjus spelte sjølv i Start som utespelar til og med junior. Derifrå gjekk han til Vigør der han byrja som keeper.

– Eg heiar på Start når eg ikkje er involvert sjølv. Dei kjempar i botnen no, men eg trur ikkje dei vil liggje der nede når vi kjem utover sesongen, seier han.

– Dei har eit veldig godt lag som er litt utanfor flytsona no, men det er mange gode fotballspelarar der, så dei vil heve seg utover hausten. Det er eg heilt sikker på, seier keeperen.

– Kva trur du resultatet blir?

– Eg trur det blir ein så kjip kamp som 0-1, seier Udjus.

Førre gang Sogndal og Start møttest i Kristiansand vart resultatet 1-1. Då var laga i 1. divisjon. Førre gang laga møttest i eliteserien var i 2001. Då vann Sogndal 3-0 etter scoringar av Håvard Flo (2) og Rune Bolseth.

Siste resultat mellom Sogndal og Start

ÅR

KAMP

RESULTAT

2008

Start - Sogndal

1-1 (1. divisjon)

2008

Sogndal - Start

0-3 (1. divisjon)

2002

Start - Sogndal

0-3 (eliteserien)

2002

Sogndal - Start

0-0 (eliteserien)

2001

Sogndal - Start

0-0 (cupen)

1999

Start - Sogndal

3-0 (1. divisjon)

1999

Sogndal - Start

1-0 (1. divisjon)

1994

Start - Sogndal

2-1

1994

Sogndal - Start

1-1

1992

Sogndal - Start

1-2

1992

Start - Sogndal

4-1

1991

Start - Sogndal

0-1

1991

Sogndal - Start

1-0

1989

Sogndal - Start

3-3

1989

Start - Sogndal

1-0

1982

Sogndal - Start

2-1

1982

Start - Sogndal

1-0

Ekspander/minimer faktaboks

*Resultata er henta frå NIFS.no

* Tala er henta frå nifs.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %