NRK Meny
Normal

Trur på ØIF-medalje

Drammen-trenar Marinko Kurtovic trur arendalittane kan ta steget opp blant dei aller beste i eliteserien denne sesongen.

Marinko Kurtovic, Drammen HK

IMPONERT: Drammen-trenar Marinko Kurtovic er imponert over ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette laget er heilt klart blant topp tre per dags dato. Når du ser på mannskapet deira ser du heilt klart eit topplag, seier Kurtovic til NRK.no.

LES OGSÅ: ØIF-tap i toppkampen
LES OGSÅ: – Gode nok for medalje

Fin blanding

Onsdag kveld slo Drammen ØIF Arendal i Nedeneshallen 23-21. Men Kurtovic lot seg imponere over Leif Gautestad sitt mannskap som stort sett består av lokale spelarar.

– Dei har ei fin blanding av rutinerte spelarar og unge gode spelarar. I tillegg har dei ein god keeper som er stabil bak der, seier han.

LES OGSÅ: – Stolt over posisjonen vår
SJÅ OGSÅ: Fleire nyheiter om ØIF Arendal

Drammen-trenaren fortel at han frykta bortekampen mot ØIF på førehand.

Frykta ØIF

– Eg fryktar alle motstandardar, men spesielt det å komme til Nedeneshallen er tøft. Men heldigvis gjekk det vår veg, seier han.

Sjølv meiner han ØIF burde ha vunne kampen. Drammen scora berre 23 mål på ØIF. Samstundes rota arendalittane i angrep.

LES OGSÅ: Vil ha trio på landslaget

– Dei slepte kun inn 23 mål mot oss og det tykkjer eg dei bør vinne handballkampar med. Men dei møtte eit betre lag, seier Kurtovic.

Tapet var ØIF Arendal sitt første nederlag for sesongen.

Espen Lie Hansen, Drammen HK

TOPPSCORAR: ØIF Arendal spelte ein god forsvarskamp, men Espen Lie Hansen scora seks mål og vart toppscorar for Drammen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Terminliste ØIF Arendal 2010/2011

Dato

Heimelag

Bortelag

Tid

12-Sep

Follo

ØIF Arendal

20-28

19-Sep

ØIF Arendal

Stord

36-17

26-Sep

Viking Stavanger HK

ØIF Arendal

30-30

2-Okt

ØIF Arendal

Drammen

21-23

10-Okt

Oppsal

ØIF Arendal

19-26

17-Okt

ØIF Arendal

Vålerenga

18:00

24-Okt

Elverum

ØIF Arendal

18:00

7-Nov

ØIF Arendal

Fyllingen

18:00

20-Nov

BSK/NIF

ØIF Arendal

16:00

28-Nov

ØIF Arendal

Haslum HK

18:00

4-Des

Runar

ØIF Arendal

17:00

11-Des

ØIF Arendal

Follo

18:00

6-Feb

Stord

ØIF Arendal

18:00

13-Feb

ØIF Arendal

Viking Stavanger HK

18:00

20-Feb

Drammen

ØIF Arendal

18:00

27-Feb

ØIF Arendal

Oppsal

18:00

5-Mar

Vålerenga

ØIF Arendal

17:00

16-Mar

ØIF Arendal

Elverum

18:00

20-Mar

Fyllingen

ØIF Arendal

18:00

27-Mar

ØIF Arendal

BSK/NIF

18:00

3-Apr

Haslum HK

ØIF Arendal

18:00

6-Apr

ØIF Arendal

Runar

18:00