Landslagssjefen trur på ØIF-medalje

Landslagssjef Robert Hedin trur at ØIF Arendal tek medalje i årets eliteserie.

Robert Hedin om ØIF Arendal

Landslagssjef Robert Hedin har trua på ØIF Arendal før sesongstart.

Foto: Knut Knudsen Eigeland/NRK - NTB Scanpix

På direkte spørsmål frå NTB om rekkjefølgja i toppen ved sesongslutt svara Hedin følgjande:

– Elverum, Follo og Arendal, sa Hedin.

Arendalittane har ei soleklar målsetting om å vinne ein tittel denne sesongen. Klubben har allereie signalisert at målet er å gå heilt til Oslo Spektrum i cupen.

Onsdag opnar ØIF sesongen med bortekamp mot Stord.

1. serierunde i eliteserien i handball for menn:

Onsdag:

  • Stord - ØIF Arendal
  • Follo - Runar Sandefjord

Torsdag:

  • Elverum - FyllingenBergen

Laurdag:

  • Bodø - Nøtterøy

Søndag:

  • Bækkelaget - Drammen
  • Falk Horten - Haslum