NRK Meny
Normal

Trur på ny Vipers-siger

Vipers Kristiansand jaktar sin tredje strake siger når dei møter Tertnes på bortebane søndag. Klubben trur på meir stabile prestasjonar framover.

Vipers Kristiansand time-out

Vipers Kristiansand har starta 2015 med to strake sigrar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg sa i sommar vi truleg er ein del betre etter jul enn vi var før jul. Det har vi vist i dei to første seriekampane no på nyåret, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen.

Etter varierande prestasjonar og resultat i haust trur Pettersen at laget vil bli vanskelegare å slå i andre halvdel av sesongen.

Laget har starta 2015 med å slå Stabæk og Byåsen. Til no denne sesongen har ikkje laget makta å vinne tre kampar på rad.

– Tek tid

– Vi er mange nye spelarar og vi har ny trenar. Det tek tid å finne rytmen og det er vanleg å svinge litt med mange nye. Får vi heva botnnivået vårt vert vi vanskelege å slå, seier Thorey Rosa Stefansdottir.

Vipers herja med eit ungt Byåsen-lag onsdag og klartra opp på 4. plass på eliteserietabellen.

Laget ligg berre to poeng bak Oppsal som held 3. plassen. Avstanden opp til Glassverket på 2. plass er på fem poeng.

– Vi får ta ein kamp av gongen. Eg er nøgd om vi blir topp fem. Det gjeld å få det beste ut av kvar enkelt spelar. Det må vi gjere i ti kampar til, seier Pettersen.

Drøymer om medalje

Keeper Sakura Hauge har tru på medalje, men påpeikar at konkurransen er tøff.

Søndagens motstandar Tertnes har like mange poeng som Vipers. To poeng bak der igjen ligg Skrim Kongsberg.

– Eg har utruleg lyst på medalje, men det er mange lag som er med i kampen. Vi må slå dei laga vi skal slå, og så må vi plukke poeng mot laga som ligg rundt oss på tabellen, seier Hauge.

Kampen mot Tertnes startar klokka 18 i Haukelandshallen i Bergen.