– Dette betyr enormt mykje. Vi har fått trua på at vi kan når vi ser at vi kan vinne denne tittelen. Det betyr at vi kan gjere det igjen, seier Kjetil Øygarden til NRK.
ØIF Arendal tok tysdag sin første cuptittel då dei slo Bodø 23–22 i Oslo Spektrum føre nesten 6000 tilskodarar.
Det var nettopp Øygarden som sette i gang elitesatsinga i Arendal julaftan for åtte år sidan. Han var også med på å spele ØIF opp i eliteserien som spelar.
– Beina godt planta på jorda
– Det er viktig å ha beina godt planta på jorda, men det veit eg at klubben har. Det er eit supert fundament, seier Øygarden.
Også dagleg leiar Kurt Eckholdt, som har bestemt seg for å slutte i klubben, trur på ei lys framtid. Ikkje berre for ØIF, men han trur at cuptittelen banar veg også for andre klubbar på Sørlandet.
– Eg trur det betyr fantastisk mykje for heile Sørlandet. Både Arendal og heile Agder. Vi gler oss til det som kjem, seier han.
NETT-TV: Ellevill jubel
Tek over handballtrona
Før cupfinalen mot Bodø sa sportsleg leiar Per Carsten Michelsen at meiner at ØIF Arendal og Bodø er i ferd med å overta handballtrona i Norge etter Haslum og Elverum.
Han fekk også støtte frå marknadssjef i Bodø HK, Bjørn Heitmann.
– Vi har diskutert dette fleire gonger, korleis vi skal få dette til. Og det er vi no i ferd med å gjere, sa Heitmann.
Vil ha ny cupfinale
ØIF Arendal toppar eliteserietabellen to poeng føre Haslum og Bodø, og tre poeng føre Elverum med sju seriekampar att.
Klubben har som mål å kjempe i toppen i alle turneringar denne sesongen.
– Kan vi ikkje kalle det ein juletradisjon? At vi møtest igjen neste år. Same tid og stad med gull rundt halsen, smiler Kjetil Øygarden.