Hopp til innhold

Trur ØIF kan ha sikra medalje etter sju kampar

Dei har berre spelt sju seriekampar, men keeper Svenn Erik Medhus trur laget kan ha sikra medalje allereie.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus scora (!) i heimekampen mot Kolstad. Her jublar han for scoringa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er nesten så vi har sikra medalje, seier Medhus med eit smil rundt munnen.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Arendalittane har vore i ein klasse for seg sjølv så langt denne sesongen. Sju sigrar av sju moglege er status så langt.

Det betyr 14 poeng, fem poeng føre Haslum som ligg på andreplass.

– Vi veit at det er mykje som kan skje. No skal vi spele europacup og går kanskje vidare der med maks tur. Då må noko nedprioriterast og det blir kanskje serien, seier han.

Kjempar om plass i e-cupen

I slutten av november skal den regjerande seriemeisteren møte spanske Fraikin BM. Granollers i den siste kvalifiseringsrunden til EHF-cupen.

Dersom laget vinn over to kampar er dei klar for gruppespel. Det betyr eit knalltøft kamppgram. Då er det ekstra godt å ha nokre poeng å gå på i serien, meiner Medhus.

– Det er veldig deilig, men fram til e-cupen er det viktig å ha hundre prosent fokus på serien, seier Medhus.

Dei siste 20 minutta i søndagens kamp mot nyopprykka Kolstad kunne det sjå ut som om tankane var i Spania allereie.

Heldt på å rote bort sigeren

40 sekund før slutt var trøndarane berre eitt mål bak etter å ha kjempa seg tilbake i kampen.

– Eg veit faen ikkje kva som skjer. Folk sluttar å gå på mål fullstendig. Eg er utruleg skuffa over dei siste 20 minutta, sa trenar Marinko Kurtovic.

Trenaren lova samstundes at spelarane skulle få ei skyllebøtte i garderoben. Medhus vedgår at det var fortjent.

– Det er bra, for då slepp eg å seie noko, smiler han.

Einar Ingi Hrafnsson
Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %