Hopp til innhold

Trur ikkje på rask Kongo-avklaring

Mor til Tjostolv Moland har ikkje tru på at sonen er heime i Norge med det første, trass i at utanriksminister Espen Barth Eide endeleg har snakka med Kongos president Joseph Kabila om dei to dødsdømde nordmennene.

Moland French

Joshua French (t.v.) og Tjostolv Moland har site fengsla i Kongo i over fire år. Førre helg var utanriksminister Espen Barth Eide i dialog med Kongos president Joseph Kabila i saka.

Foto: STRINGER / Afp

– Eg trur ikkje at noko vil skje raskt, men det kan vere starten på at det kan bli meir kommunikasjon og at det til slutt kan gi ei løysing, seier Matilde Moland til NRK.

Familiane til Moland og French har lenge etterlyst eit møte mellom norske og kongolesiske styresmakter.

I samtala mellom utanriksminister Espen Barth Eide og president Joseph Kabila gav den kongolesiske presidenten uttrykk for at han er interessert i å diskutere ei soningsoverføring til Norge.

Trur ikkje på snarleg løysing

Mathilde Moland

Mathilde Moland håpar møtet betyr meir kommunikasjon med presidenten i Kongo.

Foto: Per Kåre Sandbakk / NRK

– Det er ikkje slik at eg føler at det kjem til å skje noko. Ikkje i det heile, seier ho.

Tjostolv Moland og Joshua French har site i fengsel i Kongo i over fire år, dømde for drap.

Mora snakka med sonen søndag, og heller ikkje Tjostolv Moland er særleg optimistisk med tanke på ei rask overføring til Norge.

– Han meinte også at det var på tide at dei hadde fått dialog med presidenten, men han ser vel heller ikkje at det er ei snarleg løysing i vente, seier ho.

Var ikkje hovudtema

Men Mathilde Moland er glad for at norske styresmakter endeleg har lukkast med å få snakke med den kongolesiske presidenten om saka.

– Tidlegare har det vore møte med utanriksminister, eller andre ministrarar eller viseministrar. Det er klart at dei ikkje har myndigheit i denne saka, seier Moland.

– Det har vore slik at saka har vorte teke opp som ein bi-ting i samband med andre saker. Det var det jo i grunn denne gangen også. Det var ikkje French og Moland som var hovudtema under dette møtet heller, seier Moland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %