Hopp til innhold

Trur humpane vil betre seg sjølv

Store humpar fleire stader på nye E18 mellom Kristiansand og Grimstad kan betre seg sjølv.

Humper E18

HUMP PÅ HUMP: Forholda på splitter nye E18 mellom Kristiansand og Grimstad, er så dårleg enkelte stader at vegvesenet har sett ut varselskilt.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Det trur iallefall Statens vegvesen. Dei trur mildare vêr er det som skal til for at humpane skal rette seg.

– Det er ikkje utenkjeleg at humpinga betrar seg av seg sjølv. Dersom problemet er relatert til kulde, kan det betre seg utover våren, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, John Kristian Stormyr til Fædrelandsvennen.

Fleire har klaga

NRK har tidlegare skrive om at fleire lastebilsjåførar har klaga over asfaltdekke på nye E18.

LES OGSÅ: - Som om veien var 12 år gammel

– Der er sprekker i vegen, og deler av asfaltdekket er borte etter berre kort tids bruk. Det gjeld visse parti i vegen, ikkje heile E18. Du skulle nesten tru at vegen var 12 år gammal, sa lastebilsjåfør Kai Nilsen til NRK i midten av februar.

No er det sett ut eit varselskilt ved tunnelopningen til Skifjelltunnelen for å varsle om humpar.

Forvarsel

– Skiltinga er eit forvarsel på at bilistane må vere oppmerksomme på forholda i tunnelen. Framover blir det også fleire motorsyklar på vegane, dei har ofte behov for betre varsling enn bilane, seier Stormyr i vegvesenet.

– Er det aktuelt å senke farten på staden?

– Vi har vurdert det, men vi har funne ut at vi ikkje skal gjere det førebels. Vi vil følgje med på korleis dette utviklar seg først. Når trafikantane blir varsla om ujamn veg, bør dei sjølv tilpasse seg forholda, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %