Hopp til innhold

Mathilde Moland: – Stor sjanse for at Joshua kjem heim i live

Mathilde Moland har stor tru på at Joshua French kjem heim til Norge i live. Bakgrunnen er Norge si spesialutsending Kai Eide sitt møte med kongolesiske styresmakter.

Mathilde Moland har stor tru på at Joshua French kjem heim til Norge i live. Bakgrunnen er Norge si spesialutsending Kai Eide sitt møte med kongolesiske styresmakter.

VIDEO: Mathilde Moland trur det er stor sjanse for at Joshua French kjem heim til Norge i live.

Joshua French

Rettssaka mot Joshua French er utsett til fredag.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

Free Joshua French

Mathilde Moland er overbevist om at Joshua French ikkje har noko med Tjostolv Moland sin død å gjere. Ho har på seg eit armband med teksten «Free Joshua French».

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK
– Det at Kai Eide fekk samtaler med Kabila er det som verkeleg kan bety noko. Moglegheita for at han skal komme heim i live ser eg på som stor etter møtet, seier Moland til NRK.

Familiane til Moland og French har lenge kritisert norske styresmakter for å ha gjort for lite i saka. Moland føler at trykket på kongolesiske styresmakter er større no.

– Vil følest bittert

– Skulle det skje no vil det samstundes vere litt bittert. Då vil det vise seg at det ikkje har vore tungt nok skyts inne frå norsk side tidlegare, seier ho.

Sonen Tjostolv vart funne død på cella 18. august.

Tysdag skulle rettssaka mot Joshua French ha starta i Kongo. French står tiltalt for å ha drepe kameraten Tjostolv Moland.

Rettssaka vart utsett på grunn av elendig tolking mellom engelsk og fransk. I retten tysdag vart Dagbladet sin tolk oppnemnt som offisiell tolk i straffesaka.

Etterkvart viste det seg at tolken ikkje heldt mål. Saka er no utsett til fredag.

– Ordet sirkus har blitt brukt før. Eg tek ikkje dette særleg seriøst, seier Moland til NRK.

– Joshua er ikkje overraska

Mathilde Moland trur heller ikkje at Joshua French er overraska over utsettinga.

– Eg trur Joshua er veldig avslappa og at det no vart stopp trur eg han hadde rekna med. Han kjenner rettssakene frå tidlegare og han kjenner jo verkeleg Kongo etterkvart. Dette var ikkje noko overrasking for han, seier ho.

Dette gav også hovudpersonen sjølv uttrykk for.

– Inga utvikling her overraskar meg. Eg er lei av dette her no, sa French til NRK.

- Ikke overraskende, beklageligvis

VIDEO: Sjå Joshua French sin første reaksjon etter at det vart klart at rettssaka mot han blir utsett.

«Free Moland and French»

På armen ber Mathilde Moland eit armband med påskrifta «Free Joshua French». Mora til Tjostolv Moland har heile tida vore overbevisst om at French ikkje hadde noko med dødsfallet til sonen å gjere.

– Ja, det er eg framleis, seier ho.

Moland har også sendt eit brev til presidenten i Kongo.

– Der går det fram at vi meiner at Joshua er heilt uskuldig i forbindelse med Tjostolv sin død, og at vi ikkje forlangar noko ifrå kongolesiske styresmakter i den anledning, seier Moland.

Tjostolv Moland si gravstøtte

Tjostolv Moland vart gravlagd ved Vegårshei kirke 12. september i fjor.

Foto: Marianne Jakobsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %