NRK Meny
Normal

Trur forsvarsspelet blir avgjerande

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad er klar på at laget må få forsvarsspelet til å sitje dersom dei som få med seg poeng mot Haslum laurdag.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

OPTIMIST: ØIF-trenar Leif Gautestad har tru på at laget kan slå Haslum på bortebane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Haslum vart både serie- og cupmeister i fjorårets sesong.

– Dei siste åra har vi kanskje vore det beste laget defensivt i eliteserien. Forsvarsspel og målvaktspel har vore nøkkelen for å skape gode resultat, seier Gautestad til NRK.no.

Dobbeltsiger i fjor

I serieopninga mot Viking førre helg sleit arendalittane i forsvar.

– Etter å ha sett kampen om igjen var det kanskje ikkje så gale som eg følte rett etter kampen. Men forsvarsspelet er nøkkelen og må fungere om vi skal han sjanse, seier han.

I fjor slo ØIF Arendal Haslum 27–23 på bortebane. Også på heimebane vart det siger då laget vann 29–24.

– Det blir gøy å sjå om vi klarar å behalde det gode taket vi har hatt på Haslum. Eg håpar dei gode resultata kan gjentakast i år, seier Gautestad.

– Har mista «x-faktoren»

Etter fjorårssesongen har seriemeistrane mista profilane Kent Robin Tønnessen og Erlend Mamelund. Det trur ØIF-trenaren at klubben vil merke.

– Dei har fått inn fleire nye landslagsspelarar, men eg trur nok dei manglar x-faktoren, som dei hadde i Mamelund. Det betyr at jamne kampar fort kan avgjerast i andre lag sin favør, når dei har mista ein slik markant leiar og kampvinnar, seier Gautestad.

ØIF møter også Haslum på bortebane i cupens kvartfinale i oktober.

– Det blir spennande å sjå styrkeforholda mellom laga, seier han.