Hopp til innhold

Trur drapsetterforsking vil ta lengre tid enn normalt

Kvinna som vart drepen på Nodeland etterlet seg åtte barn. Politiet trur etterforskinga vil ta lengre tid enn normalt fordi fleire av dei er mindreårige.

På grunn av at fleire av barna til den drapssikta mannen i Songdalen er mindreårige vil etterforskinga av drapssaka ta lang tid, seier politiet.

Sjå intervju med lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen.

Faren til barna er sikta for drapet som skjedde på Nodeland i Songdalen fredag kveld. I avhøyr har 49-åringen innrømt dei faktiske forholda.

Drap på Nodeland

Politiet hadde sperra av området rundt bustaden på Nodeland laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Han erkjenner at det var han som gjorde at ho døydde.

Dei yngste barna er i barnehagealder. Det eldste barnet til paret er 25 år.

– Vi har teke vitneavhøyr av eitt av barna, men ikkje dei yngste, seier lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen til NRK.

Må gjerast dommaravhøyr

Lensmannen er klar på at etterforskinga vil ta tid fordi fleire av barna er under 18 år.

– Det må gjerast dommaravhøyr av desse og det medfører meir ekstraarbeid, seier Pedersen.

Det er barnevernsvakta i Kristiansand som no tek hand om barna som har mista mor si.

– Vi veit at dei er godt ivaretekne av Barnevernet i Kristiansand. Vi er godt i gang med å sørge for at dei vert følgt godt opp når dei kjem til Songdalen, sa assisterende rådmann Kjell Sverre Langenes til NRK tidlegare laurdag.

Kvinne drept i Songdalen

Kvinna vart drepen i heimen sin på Nodeland i Songdalen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Kvinna skal obduserast

Politiet vil førebels ikkje seie noko om dødsårsaka.

– Vi kan ikkje seie noko om det med sikkerheit før vi har fått den førebelse obduksjonsrapporten, seier lensmannen.

Den drapssikta mannen er far til ni barn. Åtte av dei bur i Kristiansand.

– Det er vel noko av det aller tyngste. Han har ni barn. Fleire av dei bur framleis heime. Dette er noko av han er veldig oppteken av. Tankane går i første rekkje til barna. Han er knust, seier advokaten hans Knut Henning Larsen.

Mannen vil bli framstilt for varetektsfengsling måndag.

Sjå intervju med advokat Knut Henning Larsen. Han er forsvarar til 49-åringen som er sikta for drap på Nodeland i Songdalen.

Sjå intervju med Knut Henning Larsen som er advokaten til den drapssikta mannen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %