Start har slite stort i eliteserien og har spelt sju kampar på rad utan å vinne. Onsdag kveld kontrollerte laget kampen og vann 4–0 mot Vard Haugesund i cupen. Demed er laget klar for 4. runde.
Sett på sidelinja
Omtrent like viktig som cupavansement var det at Vilhjalmsson endeleg fann vegen til nettmaskene.
Han har vore laget sin toppscorar dei to siste sesongane, men hadde ikkje scora eit einaste mål før oppgjeret mot Vard onsdag.
– Det var herleg å score. Det har vore tøft for meg denne sesongen med skader og dårlege resultat. Dette var veldig viktig, seier Vilhjalmsson.
I vår vart islendingen sett på sidelinja med skade.
– Det er ein ny situasjon for meg. Men eg kan ikkje setje meg ned å grine. Eg må berre komme sterkare tilbake og jobbe hardt. Då kjem måla til slutt, seier han.
– Han er veldig viktig for oss
Også kantspelar Espen Børufsen er glad for at fjorårets toppscorar endeleg fekk kjenne smaken av scoring igjen.
– Matthias er ein veldig viktig spelar for oss. Det er godt å få han i gang. No reknar eg med at han vil bøtte inn mål framover, seier Børufsen.
– Får vi sjå ein «ketchup-effekt» etter dette?
– Matthias er ein veldig god spelar for oss. Det er godt å få han i gang. Eg reknar med at han vil bøtte inn mål framover, seier Børufsen.
Trur på opptur i eliteserien
Både Mjelde og Børufsen trur laget spelte på seg sjølvtillit i Vard-sigeren etter ein tung periode i eliteserien.
– Det har vore tungt, men dette er med på å byggje oss opp. Vi var ute etter å få ei god oppleving og det føler eg vi fekk. Eg håpar vi kan dra med oss dette inn mot neste kamp mot Stabæk, seier Børufsen.
– Vi trengde ei positiv oppleving etter å ha vore mildt sagt ustabile i eliteserien. Det er mykje positivt å byggje vidare på og vi trengde å få i gang Vilhjalmsson, seier Mjelde.