NRK Meny
Normal

Trur «skrekk-rekka» går mot slutten

Mathias Rasmussen trur den skrekkelege kamprekka utan siger går mot slutten. Han trur fulltreffaren som gav poeng mot Molde kan vere eit vendepunkt.

Mathias Rasmussen

Start-spelarane jublar etter utlikninga mot Molde.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Det er eg nesten heilt sikker på. Vi har mykje bra spel på trening og måla haglar inn. No må vi berre få det til i kamp også, seier Rasmussen til NRK.

Mathias Rasmussen

Mathias Rasmussen berga eitt poeng mot Molde.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det var den 18 år gamle lyngdølen som stal overskriftene etter 1-1 kampen mot Ole Gunnar Solskjær og Molde.

19 strake utan siger

Romsdalingane såg ut til å ta sin fjerde strake bortesiger og overta tabelltoppen. Men to minutt på overtid klinka innbyttar Rasmussen til frå nesten 30 meter og utlikna for heimelaget.

– Erik Ruthford Pedersen seier heile tida på trening at det må skytast. Eg tenkte eg skulle ta den på eitt touch og berre smelle til. Det var det eg gjorde, seier Rasmussen.

– Eg har site på benken før og du må berre komme inn og prøve å sette ditt preg på kampen viss du vil spele neste kamp, seier Rasmussen.

Målet gav eitt særs viktig poeng til eit Start-lag som no har spelt 19 strake kampar på rad i eliteserien utan å vinne. Sist laget vann var mot Stabæk i Kristiansand i juli i fjor.

Start-jubel

Sjå intervju med Mathias Rasmussen etter 1-1 mot Molde.

– Dette gjer energi

Trenar Steinar Pedersen meiner utlikningsmålet på overtid var viktigare enn det eine poenget.

– Dette gjer energi. Vi gjer ikkje opp og viser moral. Vi får løn for strevet og torer å satse med folk i angrep på slutten og trøkker på, seier Pedersen.

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær tykte sjølvsagt at det var bittert å miste to poeng på overtid, men var imponert over scoringa til Rasmussen.

– Vi følte at vi hadde kontroll, men når du har spelarar med kvalitet og ein slik skotfot, så fortener det kanskje eitt poeng berre det, seier Solskjær.

Pedersen etter å ha reddet poeng mot Molde

Sjå interviu med trenar Steinar Pedersen.

– Snakka om å avgjere kampen

Både Mathias Rasmussen, Eirik Wichne, Lasse Sigurdsen og Lars-Jørgen Salvesen var på bana då utlikninga kom. Alle lokale unggutar frå Sørlandet.

– Eg og Mathias snakka om det før kampen at vi skulle inn å avgjere. Det var fantastisk å sjå ballen gå i mål, seier Salvesen.

– Det er utruleg viktig med lokale spelarar på bana. Det var utruleg deilig å få utlikninga på slutten. Det gjer sjølvtillit til dei neste kampane, seier Lasse Sigurdsen som fekk sin første kamp frå start mot Molde.

Start står med tre poeng på dei fire første kampane. Laget ligg på 12. plass på tabellen. Neste utfordring er Donn i cupen torsdag.