NRK Meny
Normal

Seier ja til omdiskutert outlet-senter

Kommunaldepartementet seier ja til bygging av det omdiskuterte outlet-senteret i Sørlandsparken.

Jan Tore Sanner og Arne Thomassen
Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Det var kommunalminister Jan Tore Sanner som sjølv sleppte nyheita under eit pressetreff i Sørlandsparken torsdag kveld.

– Dette området er sett av til handel. Aust-Agder fylkeskommunen sin eigen plan for området tilseier at bygga skulle vere 3000 kvadratmeter. Så har fylkeskommunen ynskt å gje dispensasjon frå sine eigne reglar. Det har eg sagt ja til, seier Sanner til NRK.

Det nye senteret vil bli på cirka 10 000 kvardratmeter.

Sjå intervju med kommunalminister Jan Tore Sanner.

Sjå intervju med kommunalminister Jan Tore Sanner.

– Hundre nye arbeidsplassar

Det nye senteret skal ligge like ved Ikea.

Det blir liggande i Lillesand kommune, rett over grensa til Kristiansand.

– Fylkeskommunen har sagt at dersom dei får etablert eit senter, så kan det legge til rette for betre kollektivtransport. Det vil også bidra til meir aktivetet, og opp mot hundre nye arbeidsplassar i eit område, som er prega av auka arbeidsløyse, seier han.

Fleire har vore skeptiske og jobba mot planane om eit slikt senter, fordi dei fryktar at butikkar i bysentra vil bli hardt råka.

Stor motstand

Fylkesutvalet i Aust-Agder sa ja til planane i november i fjor.

– Eg vil påpeike betydninga av at vi held liv i dei mindre sentra, sa Grimstad-ordførar Kjetil Glimsdal (KrF) i mars.

Også næringssjefen i Arendal, Kåre Andersen, meiner eit slikt senter vil kunne tappe bysentra.

Lillesandsordførar Arne Thomassen (H) har kjempa for å få senteret til Sørlandsparken. Han er ein glad mann i dag.

– Det har vore eit einstemmig bystyre i Lillesand og eit breitt fleirtal i fylkesutvalet som har sagt ja. Då tykte vi det var utidig at både Kristiansand og Lillesand sa nei, og at Arendal byrja å aksjonere imot, og at fylkesmannen stoppa det, seier Thomassen.

Sjå intervju med ordførar i Lillesand, Arne Thomassen.

Sjå intervju med ordførar i Lillesand, Arne Thomassen.

Ikkje uroa for bysentra

– Eg føler at statsråden har følgt opp det lokale sjølvstyret på ein god måte, seier Thomassen.

– Kva med handelen i Lillesand?

– Nei, eg er ikkje uroa i det heile. Det er noko heilt anna enn kvalitetsbutikkane Lillesand har. Lillesand sentrum ligg på fantastisk nivå når det gjeld butikkar, kafear og restaurantar.

Ordføraren trur senteret vil føre til meir handel både i Kristiansand og Lillesand.

– Det vil trekke folk frå Rogaland til langt opp på Austlandet, seier han.

Outlet ved Ikea i Kristiansand

Her skal det nye outlet-senteret ligge.

Foto: Odd Rømteland/NRK