Hopp til innhold

Vektar drapstruga på Nav-kontor

Ein 29 år gammal mann vart i føremiddag pågripen av politiet etter å ha truga ein vektar på Nav-kontoret i sentrum av Kristiansand.

Mann pågripen på Nav-kontor

Mannen vart pågripen måndag føremiddag.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Ifølgje politiet skal mannen ha truga ein vektar verbalt. Det var vektaren som tilkalla politiet.

– Mannen forlot først staden, men kom tilbake. Det var då vi pågreip han, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Martin Ugland til NRK.

Sit i arresten

Det skal ikkje ha vore våpen involvert. Men mannen skal ha komme med drapstrugslar mot vektaren.

Før han vart pågripen skal 29-åringen også ha kasta ein kopp med varm kaffi på ein drosjesjåfør.

– Det er mogleg han vert sikta for det også. Han sit no i arresten og ventar på å bli avhøyrt, seier Ugland.

Politiet kjenner mannen frå før.

Rutinene vart følgt

Leiar i Nav Kristiansand, Elisabeth Engemyr, seier at dei tilsette som var på jobb heldt fram jobben etter episoden. Dei vil få oppfølging etter arbeidstid.

– Vi har rutiner når slike ting skjer. Vi har mykje å gjere i dag, så dei valde å halde fram med å jobbe ut dagen, seier ho.

Nav-sjefen seier at dei har hatt færre trugslar den siste tida enn tidlegare.

– Utviklinga har eigentleg vore positiv sjølv om vi har episodar av og til. Eg trur det kjem av at vi har synlege vakter. Vi prøver også å lære opp våre tilsette til å handtere slike situasjonar, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %