NRK Meny
Normal

Truga drosjesjåfør med pistol

Ein passasjer i Kristiansand nekta å betale for drosjesturen natt til søndag.

Ifølgje politiet gjekk passasjeren inn i huset sitt for å hente pengar for å betale for turen til Tveit i Kristiansand.

I staden for å komme ut med pengar kom den 23 år gamle mannen ut med ein pistol og truga drosjesjåføren bort frå området.

Væpna politi vart sett inn for å ta hand om mannen.

23-åringen vart køyrt til arresten i Kristiansand. Politiet beslagla også ein gasspistol.

Episoden fann stad ved 03.30-tida natt til 1. påskedag.