– Personen som var sakna har no heldigvis dukka opp på land i Kristiansand sentrum. Ho vert teken hand om av ambulanse som vil sørge for ein sjekk, men vedkommande framstår som oppegåande, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Knut Odde.
Det var like over klokka to natt til søndag at kvinna vart meldt sakna, etter at det var funne klede og sko på land. I tillegg melde vitne om ein person, som ropte om hjelp.
Søkte med dykkarar
Dermed vart det sett i gang ein storstilt leiteaksjon med overflatesøk med båt, og dykkarar i det aktuelle området.
Ved 04.20-tida vart søket avslutta utan resultat. Rundt klokka 06.00 sa politiet at det skulle planleggast nye søk søndag, men då etter ein antatt omkomen person.
Men like før klokka åtte søndag morgon melde altså politiet at kvinna plutseleg hadde dukka opp på land i Kristiansand sentrum.
– Hendingsforløpet er så langt uklart, seier operasjonsleiaren.
Hugsar ikkje
Politiet opplyser til NRK at kvinna i 20-åra skal avhøyrast. Men kvinna gjer uttrykk for at ho ikkje hugsar kva som har skjedd.
– Ho seier ho hugsar lite om kva som har skjedd. Men vi vil gjennomføre eit formelt avhøyr. Vitne har beskrive ho som sterkt rusa før ho forsvann, seier politiets operasjonsleiar Jarl Nilsen.
I samband med leiteaksjonen vart kvinna fanga opp av eit overvakingskamera, som viste at ho symde i havnebassenget.
Ifølgje politiet var kvinna på besøk i sørlandsbyen.