Hopp til innhold

Trossar åtvaring - reiser til Kongo

Foreldra til Tjostolv Moland og Joshua French har blitt åtvara mot å reise til Kongo. Likevel reiser mamma Mathilde Moland.

Mathilde Moland

Mor til Tjostolv Moland, Mathilde Moland, reiser til Kongo for å besøke sonen.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Eg fryktar eg er i ferd med å miste han, og at eg har det travelt med å komme meg ned. Eg har behov for å hjelpe han, sjølv om eg ikkje veit kor mykje hjelp det er at eg kjem ned, seier mor til Tjostolv Moland, Mathilde Moland til VG.

- Moland vil få legehjelp

Tjostolv åtvara mot å reise

I går vart det klart at sjuke Tjostolv Moland vil få norsk legehjelp . Det er misjonær Rune Edvardsen som planlegg ein tur til Kongo der han vil ta med seg norske legar. I går var det ingen teikn til betring i tilstanden til Tjostolv Moland.

LES OGSÅ: - Rune sitt initiativ er musikk i mine øyrer
LES OGSÅ: Vil ha kronerulling for Moland

– På direkte spørsmål frå oss har han åtvara oss mot å komme fordi det er for farleg. Vi har forholdt oss til det. Men slik som helsa hans har utvikla seg, føler eg veldig for å reise. Eg føler eg er i ferd med å miste han. Difor ynskjer eg å reise så raskt som mogleg, seier ho.

Førebur seg mentalt

Truleg reiser ho saman med Rune Edvardsen om tre veker. Ho fryktar at det kan vere for lenge til.

– Eg har tre barn og ingen av dei har hatt behov for å reise på sjukehus før. Tjostolv har aldri vore innlagt på sjukehus, så eg forstår at det er viktig at eg førebur meg mentalt, seier Moland.

Tjostolv Moland ble brakt til sentralsykehuset i Kisangani.

Tjostolv Moland blir frakta til sentralsjukehuset i Kisangani.

Foto: Tore Meek / Scanpix

Norsk hjelp

No håpar ho at sonen Tjostolv vil få norsk legehjelp.

– Han får ikkje behandling no. Han blir berre dopa ned. Med tanke på den fysiske tilstanden han er i, veit eg ikkje om han toler det særleg lenge. Han er så svekka at han holdt på å gå i golvet i retten. Eg er redd hjartet hans skal stoppe, seier ho.

Sjølv føler ho seg trygg, sjølv om ho har fått åtvaring mot å reise til Kongo.

Føler seg trygg

– Eg føler det er rimeleg trygt når eg reiser saman med Edvardsen. Eg føler at eg må dit, og ingen kan la denne anledningen gå ifrå meg, seier Mathilde Moland til avisa.

Tjostolv Moland og Joshua French

Joshua French og Tjostolv Moland.

Foto: Tore Meek / Scanpix

Far til Tjostolv Moland, Knut Moland, seier det er tøft å vite at sonen lir, utan at dei kan hjelpe han.

– Det har vore ein sant helvete for oss foreldra heile vegen, men den siste veka har vore særleg tøff. Han er jo heilt ute av seg, og eg har snart gitt opp håpet om å sjå han i live igjen, seier Moland til VG.

Knut Moland: – Vondt

– Eg håpar det vert trygt å reise for mor hans dersom ho gjer det. Men for meg er det ikkje trygt, eg er sikker på at dei ville ha mistenkt meg også for å vere spion og låst meg inne. Men det er vondt å ikkje vere der for Tjostolv no, seier Knut Moland.

Knut Moland

Knut Moland

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Mor til medtiltalte, Joshua French, Kari Hilde Hodne French, seier at sonen har åtvara henne om å reise til Kongo.

– Joshua seier at eg ikkje må komme ned av sikkerheitsmessig hensyn til kulturen i Kongo. Ætta er ansvarleg for individet. Reiser eg til Kongo må eg rekne med å bli holdt ansvarleg for erstatningssummane sonen min er dømd til å betale, seier ho til VG.

– Men av heile mitt hjarte skulle eg gjerne ha vore der nede for son min, og eg tenkjer over saka med jamne mellomrom, legg ho til.

UD forstår Moland

Kommunikasjonsrådgjevar i UD, Haakon Svane, forstår Mathilde Moland sitt val om å reise til Kongo.

– Når det gjeld hennar situasjon har vi forståing for at ho ynskjer å reise for å besøke sonen. Dette er ei avgjerdsle ho må ta sjølv, og vi legg oss ikkje bort i det, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %