Hopp til innhold

Vil ha slutt på poengtap i sluttminutta

Start-spelar Zlatko Tripić meiner at Start ikkje har råd til å sløse med sjansane som mot Vålerenga. I tre kampar på rad har Start rota bort poeng i sluttminutta.

Vidar Ørn Kjartansson

Vidar Ørn Kjartansson utlikna til 2–2 for Vålerenga mot Start to minutt før slutt. Start-spelar Zlatko Tripić meiner Start må bli meir effektive og hindre baklengsmål i sluttminutta.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vålerenga er vanvitig effektive og det er ikkje vi. Vi scorar to, men kunne ha hatt både eitt, to og tre mål til, seier Tripić til NRK.

Start hadde tre poeng i lomma mot Vålerenga i 16. mai-kampen - heilt til det stod att to minutt.

Glenn Andersen la veteranen Morten Berre i bakken og det vart dømt straffe. Eliteseriens toppscorar Vidar Ørn Kjartansson utlikna og «stal» to poeng med seg heim til Oslo, meiner Tripić.

Sviktar i sluttminutta

Zlatko Tripic

Zlatko Tripić har tru på at Start kan ta med seg tre poeng frå Bodø/Glimt kommande tysdag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi dominerte mot eit lag som er i god form for tida. Dei er sikkert kjempenøgde med eitt poeng. Det er utruleg kjipt at vi ikkje tok med oss alle poenga, for det hadde vi fortent, seier han.

Mot Brann i førre heimekamp leia Start, men fekk scoring i fleisen ti minutt før slutt.

Mot Sogndal førre helg hadde sørlendingane eitt poeng i bagasjen heilt til vestlendingane scora sigersmålet eitt minutt før slutt.

– Vi må byrje å setje sjansane våre. I tillegg slepp vi inn for mange mål mot slutten av kampane. Vi må bli flinkare på å unngå det om vi skal ta fleire trepoengarar, seier angrepsspelaren.

Likevel ser han ikkje heilt mørkt på situasjonen, trass i at laget står med fem strake kampar utan siger.

– Går for siger mot Bodø/Glimt

– Spelemessig er Vålerenga-kampen ein heilt annan kamp enn det vi presterte mot Sogndal. Vi jobba fantastisk og spelte oss til mange sjansar, seier han.

Det gjer at han har tru på tre poeng i neste eliteseriekamp mot Bodø/Glimt på bortebane. Den kjem allereie kommande tysdag.

– Spelar vi slik som mot Vålerenga slår vi Bodø/Glimt. Vi skapte mykje sjølv, og sleppte Vålerenga lite til. Det blir ein tøff kamp, men vi må går for tre poeng, og det gjer vi, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %