NRK Meny
Normal

Trenaren håpar på Hoff-magi

Start-spelaren Espen Hoff viste lovande takter på treninga laurdag. No håpar trenar Frode Fredriksen at angriparen puttar mot Vålerenga.

Espen Hoff

I FORM: Espen Hoff scora mot Strømsgodset i cupen onsdag. Angriparen er i startoppstillinga når Start møter Vålerenga i kveld. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Frode Fredriksen

Frode Fredriksen

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix
Stefan Strandberg

Stefan Strandberg

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

– Det er godt med gode avslutningar på trening. Når vi lukkast gjentekne gonger på trening vil det fort kunne gjenta seg i kamp også, seier Fredriksen til ikstart.no.

Espen Hoff sikra cupavansement med ei perlescoring mot Strømsgodset på Sør Arena tidlegare denne veka. På gårsdagens trening varta den tidlegare Stabæk-spelaren opp med brassespark.

Brassespark

– Brassesparket var ein fryd å sjå på. Han får lagre det på harddisken og gjenta i kamp, seier Fredriksen til nettstaden.

Søndag klokka 18 står Vålerenga på motsett banehalvdel. Det er eit lag Start har slått 11 gonger i Kristiansand. 13 av oppgjera har endt med Vålerenga-siger. Oslo-klubben har aldri vunne på Sør Arena.

– Vi får håpe det vert betre i år og det har eg trua på at vi skal få til også. Vi har sluppe inn lite mål, minst i eliteserien, men vi scorar for lite, seier VIF-stoppar Stefan Strandberg til vif-fotball.no.

Andresen på tribuna

– Vi var gode offensivt i fjor, og eg trur det skal komme utover hausten no når fleire spelarar vert i betre form og skikkeleg skadefrie, seier sørlendingen med fortid i Mandalskameratene.

Under onsdagens cupkamp mellom Start og Strømsgodset var trenar Martin Andresen på tribuna.

– Han er ein luring, så vi må heve oss frå Strømsgodset-kampen. Vålerenga er eit godt lag, seier Fredriksen til NRK.no.

Spelefri

Vålerenga rauk ut av cupen i 2. runde og har hatt ei heil veke på treningsfeltet.

– Det kan nok bety litt at dei hadde spelefri onsdag, men vi må berre brette opp armane og gjere det vi kan, seier Start-trenaren.

Kampen mot Vålerenga vert den første kampen til Frode Fredriksen som hovudtrenar etter at Knut Tørum sa opp jobben.

Start stiller med følgjande mannskap mot Vålerenga:

Kenneth Høie - Brian Priske, Espen Knudsen, Jesper Mathisen, Rolf Daniel Vikstøl - Ernest Asante, Solomon Owello, Christer Kleiven, Espen Børufsen - Espen Hoff - Ole Martin Årst

Vålerenga sitt lag er førebels ikkje klart.