Hopp til innhold

Her vann nynorsken for tredje gang – håpar det ikkje splittar bygda

Dei siste tiåra har bygda vore splitta i synet på hovudmål på barneskulen. Før siste avstemming var det tidvis harde frontar, seier ordføraren.

Byremo barneskule

Byremo barneskule er det einaste skulen i Lyngdal i Agder som framleis har nynorsk som hovudmål. Slik vil det sannsynlegvis halde fram.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

– Det er viktig å halde på nynorsk fordi det er ein stor del av identiteten vår og ligg nært opp til dialekten. Då er det naturleg for barna å lære nynorsk, seier leiar for Indre Agder Målungdom, Synnøve Stulien Lauen.

Ho bur på Byremo i Lyngdal, der det for tredje gong har vore folkeavstemming om hovudmål på barneskulen i bygda.

Det var det også i 1990 og 1999. Begge gongene vann nynorsken, men sist med eit knapt fleirtal på 53 prosent.

Mange hadde håpa det skulle snu denne gongen.

Slik vart det ikkje.

Denne veka vart det kjend at 64 prosent stemde for å behalde nynorsk.

– Tidvis harde frontar

I forkant av avstemminga har det til tider vore harde frontar.

Det stadfestar ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen (H).

– Eg har ikkje følgt innlegga i sosiale medium, men har fått vite at det har vore nokre stygge tilbakemeldingar.

Han håpar ikkje det vil splitte bygda i ettertid.

Leiar for barne- og oppvekstutvalet i Lyngdal, Bente Naglestad, seier forkjemparar for bokmål har vore redde for å stå fram med sitt syn.

– Mange har ikkje tort fordi dei har følt seg litt uglesett, seier ho.

dame

Leiar for barne- og oppvekstutvalet i Lyngdal Bente Naglestad, seier forkjemparar for bokmål har følt seg litt uglesett.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

Innbyggjar Tom Sturla Ledang har likevel sagt kva han meiner til NRK.

Sjølv om han har hatt ni år med nynorsk som hovudmål på barne- og ungdomsskulen, håpet han at valet fall på bokmål denne gongen.

– Eg meiner bokmål bør vere hovudmål fordi det er det som blir mest brukt i samfunnet no. Eg trur òg det er eit mykje enklare språk, seier han.

Språk er kjensler

Språkvitar Sylfest Lomheim synest ikkje det er så vanskeleg å forstå at det er sterke kjensler knytte til språk.

– Det er ein del av identiteten vår. Derfor må vi ha respekt for at folk blir veldig engasjerte når det er snakk om val av hovudmål.

Han understrekar at han tek avstand frå usaklege og stygge utspel.

Trass i over 20 folkeavstemmingar om målform dei ti siste åra, har talet på nynorskbrukarar halde seg ganske stabilt.

Ifølgje Lomheim er det like mange elevar som har nynorsk som hovudmål i dag som for både 20 og 40 år sidan. Prosentdelen har likevel gått ned fordi folketalet har auka.

I fjor hadde i overkant av 74.000 barn i grunnskulen nynorsk som hovudmål. Rundt 550.000 hadde bokmål, viser tal frå SSB.

Sylfest Lomheim

Språkvitar Sylfest Lomheim er sjølv nynorskbrukar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Einaste nynorskskule i kommunen

Byremo barneskule er den einaste skulen i Lyngdal som framleis har nynorsk som hovudmål.

Om det skal framleis skal vere sånn, skal politikarane avgjere.

Ordføraren seier det har vore ei rådgivande avstemming, og at det mest sannsynleg vil bli fatta eit vedtak i tråd med dette.

Folkeavstemminga i Byremo vart halde på bakgrunn av underskrifter foreldreutvalet ved skulen samla inn i fjor.

Andrine Naglestad

Elev ved Byremo barneskule Andrine Naglestad, synest nynorsk er gøy.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %