NRK Meny
Normal

Tre sikta etter grovt narko-funn

Tre personar er arrestert og sikta etter funnet av ein hasjplantasje i ein bustad i Lyngdal i helga.

Øystein Grytten

FUNN: Øystein Grytten ser alvorleg på funnet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Det vart funne rundt hundre Cannabis-plantar i huset. Dei tre er sikta for grov narkotikaforbrytelse.

– Det var ein ganske stor installasjon og er kostbart og arbeidskrevjande å setje opp. Det var i fleire rom og det var cirka hundre plantar, seier politiførstebetjent Øystein Grytten til NRK.no.

Funnet vart gjort natt til laurdag og to personar vart arrestert på staden. Seinare vart ytterlegare ein person arrestert.

– Plantasjen var ganske stor i eit vanleg bustadhus. Difor trur vi dette må vere meir enn til eit eingangsbruk og også meir enn til eige bruk, seier Grytten.