Hopp til innhold

Tre personar sikta etter gisseldrama

Dei tre pågrepne etter gissel- og skuddramaet på Sørlandet søndag, vert truleg framstilt for varetektsfengsling tirsdag.

Gisseldrama i Grimstad

SIKTA: Tre personar er sikta etter gårsdagens gisseldrama. Pengar er truleg motivet for episodane.

Foto: Kjell Inge Søreide / Scanpix

Den 33 år gamle bilføraren, som ble skreven ut fra sjukehuset i Arendal i dag, nektar å forklare seg for politiet. Politiet vil difor krevje lukka dører under rettsbehandling av varetektsspørsmålet tirsdag, ifølgje Agderposten.no.

Pengar truleg motivet

Politiet trur jakt på pengar er motivet for gårsdagens drama.

– Utover det at det vart rana pengar og andre ting, kan eg ikkje seie noko, seier politiinspektør, Magnus Andreassen ved Agder-politiet, til NRK.no.

Dei tre, to menn og ei kvinne, er sikta for ran og frihetsberøvelse.

Uoversiktleg

Det er ei særs alvorleg og uoversiktleg sak politiet i Agder starta etterforsking på i dag.

Dramaet inneheld mogleg kidnapping, ran av ein vektar, vill biljakt i 180 kilometer i timen i motsett køyreretning på motorvegen mellom Kristiansand og Grimstad, ran og mishandling av ein kvinneleg leigetakar i Grimstad og politiet som avfyrte skot for å uskadeleggjere ein av dei involverte som prøvde å stikke av etter å ha krasja i Grimstad sentrum.

– Det er særdeles grovt. Både ranet av vektaren med bruk av våpen. Det ranet som skjedde i Grimstad er veldig stygt. Det har vore forferdeleg stygg køyring, som kunne medført dødsulykker. Vi ser veldig alvorleg på dette, seier Andreassen.

Kjende personar

– Politiet kjenner til personane frå tidlegare, seier Andreassen.

LES OGSÅ: Pågrepet mann skutt i låret

Dei tre pågrepne er ein 33 år gamal mann frå Lyngdal, ein 54 år gammel mann frå Kristiansand og ei kvinne frå Arendal.

Kvinna er nå sikta for medvirkning til ran. 33-åringen som køyrde BMWen, er sikta for ran og 54-åring er sikta for frihetsberøvels. Men siktelsene vert utvida før fengslingsmøtet tirsdag, ifølgje politiadvokat Folke Åmlid i Agder politidistrikt.

Video SKYTEDRAMA-041010-SL-151948-SI_SL.mp4

Politiadvokaten seier alle tre har tidlegare domar på rullebladet.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %