Tre klar for junior-VM
Tre sørlendingar er klare for junior-VM i friidrett i Eugene i Oregon i USA seinare denne månaden. Kristian Tjørnhom frå Kvinesdal skal springe 10 000 meter, Even Meinseth frå Grimstad skal springe 4x100 meter stafett, medan Mari Forbord Andersen frå Kristiansand skal springe 100 meter hekk.