Måndag startar rettssaka mot 73-åringen som har drive med bier i fleire år.
– Livskvaliteten vert redusert i naboeigedommen sine kvalitetar i form av normalt uteliv ikkje kan gjerast. Buverdiane vert redusert betydeleg, seier advokat Antoni Abrahamsen til Avisen Agder.
Grisar til bilane
Han representerer naboane som har gått til søksmål mot den 73 år gamle birøktaren. Advokaten viser til at hyttenaboane får tilgrisa hagemøblar, bilar, båtar, husveggar og markiser.
Han påpeikar også at birkøta føregår i eit område som er regulert til bustadområde og at opphald utandørs blir utriveleg på grunn av tilsøling på personar og klede.
Krev flytting
Hytteeigarane meiner av 73-åringen skal flytte bikubene til ein annan stad. Ifølgje avisa fører biene til stress og mistrivsel blant naboane i så stor grad at det går på helsa laus.
Advokaten til 73-åringen krev at mannen skal kunne halde fram med drifta. Han viser til at garden har stått sidan 1926 og at ingen har reagert før no. Han meiner at bikubene har ei optimal plassering og at det er uaktuelt å flytte dei.