NRK Meny
Normal

Tre band klare for Norway Rock

Keep of Kalessin, Breed og Saint Deamon skal spele på festivalen som går frå 7. til 10. juli.

Norway Rock Festival

KLAR: Tre nye band er klare for Norway Rock Festival. (Arkivfoto)

Foto: Norway Rock Festival

Keep of Kalessin var blant anna med på Melodi Grand Prix i 2010.

– Vi vil sjølvsagt ha ei stor sol til Norway Rock-publikummet, men også svart innslag frå scena. Denne gangen er det Keep Of Kalessin sin tur, gutane som skapte Grand Prix-historie, seier bookingsjef Kelly Aamodt i ei pressemelding.

– Så er jeg meget happy for at gutta tok steget og satset alt på Breed. Vi gleder oss til å få nye låter fra «Another War», seier han.

– Etter to suksessfulle album var det på tide for bookingteamet å få Jan-Thore og resten av guttai Saint Deamon ned til Kvinesdal og Norway Rock, seier han.