NRK Meny
Normal

Tre av fire stopparar ute mot Molde

Både Jesper Mathisen, Clarence Goodson og Knut Henry Haraldsen er uaktuelle til dagens kamp mot Molde.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen måtte melde forfall til dagens kamp mot Molde.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Amerikanaren Clarence Goodson har slite med skader og sjukdom etter å ha vore med på Gold Cup med USA sitt landslag.

– Uaktuell

- Clay er ikkje heilt i toppform endå. Han har slite med sjukdom og småskader denne veka og rekk difor ikkje å bli klar mot Molde, srier Gunnvor Halmøy, medisinsk leder i Start til klubben sine nettsider.

Frå før var det klart at Knut Henry Haraldsen er uaktuell til dagens kamp, og i dag kom meldinga om at nok ein midtstoppar, Jesper Mathisen, er uaktuell til Molde-kampen på grunn av sjukdom.

Kun Borgersen klar

Dermed er det kun veteran Bård Borgersen som er klar til kamp.

Det betyr store utfordringar for trenar Knut Tørum. Unge Espen Knudsen vart kalla inn like før flyet gjekk frå Kjevik i dag.

Knut Tørum

Start-trenar, Knut Tørum, får ei stor utfordring når han skal ta ut laget mot Molde.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX