Hopp til innhold

Trur sakna dykkar framleis kan vere i live

Søket vil bli trappa opp etter ein sakna dykkar i 20-åra utanfor Søgne tysdag morgon. Hovudredningssentralen trur mannen framleis kan vere i live.

Leteaksjon i Høllen

Ambulanse og brannkorps ved Høllen brygge i Søgne måndag kveld.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Han var ikledd tørrdrakt og hadde full kledning under. Han hadde på seg oppdriftsvest og hadde luft og maske på. Han var godt rusta til å klare seg i vatnet, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Asbjørn Viste til NRK.

Mannen vart meldt sakna ved 19-tida måndag kveld. Mannen forsvann på sjøen då han var ute for å dykke saman med to kameratar.

Store leitemannskap vart sett i sving for å prøve å finne mannen på sjøen utanfor Søgne.

– Ingen teikn til panikk

Fleire båtar og Sea King-helikopter har leita i heile natt utan resultat. I morgontimane tysdag vil søket bli trappa ytterlegare opp. Det vil og bli sett i gang søk langs land.

– Det var ingen teikn til panikk eller noko som helst då han forsvann frå dei andre. Vi har håp om at han kan ha komme seg på eit skjær eller ein holme. Det er difor vi held fram søket utover dagen i dag, seier Viste.

I løpet av natta har leitemannskapa søkt rundt alle holmar og skjær i Songvårfjorden der dei trur mannen kan vere, basert på vind- og straumretning.

Det har også vore brukt varmesøkjande kamera i søket etter mannen.

Sterk vind og straum

Det vart og plassert ut ti lytte- og observasjonspostar på land. Ved 6-tida tysdag morgon var fire båtar ute for å leite etter mannen.

– Dette vil auke utover dagen. Båtane har søkt gjennom heile natta og vi har bytt mannskap, seier Viste.

Måndag kveld åtvara Hovudredningssentralen og politiet frivillige til å reise ut på sjøen i småbåtar for å leite etter mannen. Årsaka var vind og sterk straum. Leiteforholda er greie tysdag morgon.

– Det har vore brukbart for båtar av ein viss storleik. Småbåtar har vel neppe noko der å gjere. Det er noko røff sjø, men det er veldig greie forhold frå lufta. Dei som har søkt langs holmar og skjær rapporterer om gode søkeforhold, seier han.

Det er en leteaksjon i Søgneskjærgården. En dykker i 20-årene er savnet

Sjå intervju med innsatsleiar i politiet, Vigleik Fidje, som vart gjort måndag kveld.

Borøy

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %