NRK Meny
Normal

Trailer stod bom fast

Ein trailer stod fast på ein privat veg på Nedre Haugland i Kvinesdal. Politiet ville ikkje fjerne traileren.

Trailer står fast i Kvinesdal
Foto: Privat / avisa Agder

Ifølgje politiet er det ein polsk trailer som står bom fast. Det var tysdag kveld at traileren køyrde seg fast, skriv avisa Agder.

– Den går ikkje å rikke. Den står dønn fast på privat veg. Den let seg ikkje rikke verken fram eller tilbake, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.

Polsk trailer

Traileren som stod fast på ein privat veg er no drege laus igjen.

Foto: Anne Wirsching / NRK

Køyrde etter GPS

Ifølgje Klausen snakkar den polske sjåføren verken norsk eller engelsk.

– Det er umogleg å kommunisere med han. Traileren er stor og full av last. Ingen vil ta rekninga for å fjerne den. Den må truleg tømmast for last før den kan fjernast. Den må truleg løftast, seier Klausen.

Ifølgje Agder må det stillast garanti frå eigaren av semi-traileren før den eventuelt vert fjerna.

Den polske sjåføren skal ha køyrt etter GPS då han hamna på den private vegen.

– Eg veit ikkje kva plan denne sjåføren har. Dette er ikkje veldig prioritert frå oss. Det fins ein omkøyringsveg for dei fastbuande, så trafikken kan gå omtrent som normalt, seier han.

Vil få traileren laus

Politiet jobbar no med å få tak i både avsendar og mottakar av godset som er inne i traileren.

– Eg vil tru at det er nokon som har interesse av å få fram godset sitt, seier Klausen.

Ntex, som eig traileren, seier til NRK at dei vil garantere for kostnadene knytt til bergingsjobben.

Ved 13-tida tysdag var bilen på vegen igjen.

Vogntog med trøbbel i Kvinesdal
Foto: Anne Wirsching/NRK