Trailer sperrar E39

Alle naudetatar rykte ut etter ei trafikkulykke i Nulandsbakken på E39 i Flekkefjord.

Trailer på tvers på E39

Traileren sperrar E39 ved Flekkefjord.

Foto: Sindre Tjomlid/Avisen Agder

Ingen personar vart skada i ulykka, skriv Agder. Ulykka skjedde ved 13-tida tysdag ettermiddag.

Traileren hang delvis utfor kanten av vegen, og sperra vegen. Ved 15.20-tida var vegen open igjen.