Hopp til innhold

Trafikkuhell skapte lange køar

Eit trafikkuhell på Varoddbrua på E18 i Kristiansand skapte kilometer lange køar.

Kø på E18 i Kristiansand

Uhellet på Varoddbrua skapte umiddelbart store køar.

Foto: Kjell Pedersen/NRK

– Trafikken har stort sett gått i eitt felt forbi dei to bilane. Men det korkar seg raskt med den vegstandarden vi har, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Martin Ugland til NRK.

Det var litt over klokka 16 at politiet fekk melding om trafikkuhellet på Varoddbrua. Uhellet skapte umiddelbart køar på E18 i austgåande retning.

Køane strekte seg gjennom byen og ut mot Vågsbygd. Også på Lund vart det rapportert om lange køar.

– Eg veit ikkje kor lange køar det har vore, men eg veit at det stod kø gjennom tunnelen under Baneheia, seier Ugland.

Det tok nesten ein time før trafikken gjekk igjen.

– Det vil nok ta litt tid før trafikken går heilt som normalt igjen på grunn av dei lange køane som oppstod, seier Ugland.

Ingen personar vart skada i trafikkuhellet.

Kø på Lund i Kristiansand

Det oppstod køar på Lund.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %