Alt såg særs lyst for sørlendingane då Ole Martin Årst sende laget i leiinga 1-0 ni minutt før full tid.
- LES OGSÅ: Kampen minutt for minutt
Var på hugget
– Det såg verkeleg lyst ut som om det kunne gå vegen vår når vi scora seint i andre omgang. Gutane var på hugget og holdt Odd brukbart frå livet, seier Start-tenar Knut Tørum til NRK.no
Men gleden varte kun i fire minutt. Chukwuma Akabueze sitt hjørnespark gjekk rett i mål - dermed 1-1. På overtid kunne ein umarkert Anders Rambekk banke inn 2-1.
– Vi inviterer dei inn i 16-meteren vår i sluttminutta. Der vert vi tafatte, seier Tørum.
Bestefall nummer seks
Dermed kan Start sjå langt etter fjerdeplassen på tabellen. Laget kan i bestefall bli nummer seks på tabellen. Men då må sørlendingane slå Haugesund med sju mål på Sør Arena neste helg.
– Vi er sikkert slitne, men det er frykteleg kjedeleg at vi fell av slik på slutten og misser tre poeng som burde har vore med oss tilbake til Sørlandet, seier Tørum.