Hopp til innhold

Tørum: - Sterk prestasjon

Start-trenar Knut Tørum greit nøgd med 2-2 på heimebane mot Stabæk.

Knut Tørum, Start
Foto: Teigen, Trond Reidar / SCANPIX

– Første omgang er veldig god. Då er vi konsentrerte og tette, så den er eg veldig nøgd med. Så er eg tilsvarande misnøgd med andre omgang. Då er Stabæk til tider veldig gode og effektive. Når vi likevel klarar å kjempe oss tilbake på slutten er det ein sterk prestasjon, seier Tørum til NRK Sørlandet.

Kjempa seg tilbake

I første omgang var det Start, Start og atter Start. Men fotball handlar om å score mål, noko Start ikkje klarte trass i fleire gedigne sjansar.

LES OGSÅ: Fantastisk sluttspurt gav uavgjort

I andre omgang fekk Stabæk umiddelbart utteljing og tok leiinga 1-0 ved innbyttar Thomas Rogne. Seinare dobla Pàlmi Rafn Pàlmason leiinga og det såg bekmørkt ut for sørlendingane, men...

– Det handlar om å ikkje gje opp. Vi kjempa til siste slutt, seier stoppar Jesper Mathisen.

GALLERI: Start - Stabæk i bilete

To mål på to minutt

Og det har han heilt rett i. Start kjempa seg tilbake, først ved Bård Borgersen, deretter ved Cristian Bolaños. Dermed kunne sørlendingane juble over eit særs viktig poeng.

Start-utlikning

Bård Borgersen har redusert til 1-2.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Vi har folk utpå der som kan gjere det lille ekstra. Vi har trent godt og står på til kampen vert blesen av. Vi har fantastisk støtte frå publikum. Eg trur ikkje det er noko kjekt å vere motstandar utpå der når vi køyrer på heilt på slutten, seier Mathisen.

Glad Bolaños

Bolaños som scora det viktige utlikningsmålet meiner det kan bli heilt avgjerande når poenga skal teljast opp.

– Eg er veldig glad for dette målet. Det var utruleg viktig for laget og for meg personleg. Stabæk ligg nær oss på tabellen. Difor er det viktig å ikkje tape slike kampar. Det er viktig for sjølvtilliten å komme tilbake på denne måten, seier Bolaños.

Start ligg framleis på 4. plass på tabellen, no med 29 poeng. Dei siste kampane i den 19. runden vert spelte i morgon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %