Hopp til innhold

Tørum ville ta eit oppgjer med enkeltspelarar i Start

Tidlegare Start-trenar Knut Tørum var redd han ikkje hadde støtte hos leiinga til å ta tak. Difor valde han å seie opp jobben som trenar i klubben.

Knut Tørum

SA OPP: Knut Tørum var klar til å ta opp kamphansken, men var usikker på om han hadde støtte i Start-leiinga. Difor valde han til slutt å seie opp trenarjobben i Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Eg stod på springbrettet til å rydde opp. Eg var komme til eit punkt der eg var klar til å ta eit oppgjer med enkeltspelarar og kulturen i Start, seier Tørum i eit intervju med Fædrelandsvennen.

– Det var nokre innslag av haldningar og atferd i gruppa som eg ikkje var komfortabel med, som eg ikkje kunne stå inne for. Eg var veldig usikker på kva som hadde komme ut av eit slikt oppgjer, eg frykta at alle partar hadde tapt på dette, seier han til avisen.

Rådførte seg med kona

Det var onsdag at Knut Tørum kom med meldinga om at han hadde sagt opp trenarjobben med umiddelbar verknad.

Tørum hadde bestemt seg kvelden før at tida som Start-trenar var over. Beskjeden kom berre timar før cupkampen mot Strømsgodset.

– Seint tysdag kveld sat eg saman med kona og snakka om kva val eg stod overfor i jobben min i Start. Ho er den einaste eg rådførte med meg, seier han til Fædrelandsvennen.

Video 589303b5-15d9-4ece-b4f2-e9c988a6452b.jpg

VIDEO: Sjå video frå pressekonferanse med Knut Tørum onsdag, der han hadde bestemt seg for å slutte i jobben som Start-trenar. (Arkiv)

– Trøndarane er meir direkte

Assistenttrenar Frode Fredriksen og keepertrenar Erik Ruthford Pedersen leia laget i cupkampen mot Strømsgodset.

Start vann og er klare for kvartfinale. Knut Tørum såg ikkje kampen.

– Eg hadde ikkje noko behov for å vere på kampen på Sør Arena. Eg såg den ikkje på tv heller. Eg var glad då Start vann. Det var ein fantastisk start for det nye trenarteamet, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %