Hopp til innhold

Tørum vil unngå ny cupflause

Eliteserielaga har ryke ut ein etter ein. Start-trenar Knut Tørum vil gjere det han kan for å unngå å gå på ei ny cupflause.

Knut Tørum

PRIORITERER CUPEN: Start-trenar Knut Tørum vil gjere det han kan for å unngå ei ny cupflause. I fjor tapte laget mot Løv-Ham på straffekonkurranse.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I fjor tapte Start på straffekonkurranse mot 1. divisjonslaget i Løv-Ham i 3. runde.

– Ja, vi rauk etter ein trasig kamp mot Løv-Ham i fjor. Det var ikkje berre tap, men også ekstraomgangar og mange staffespark. Det var trasig på alle måtar, seier Start-trenar Knut Tørum til NRK.

Seks eliteserielag ute

I går rauk eliteserielaga ut på rekkje og rad. Follo banka Lillestrøm på heimebane. Aalesund rauk ut då laget tapte mot Løv-Ham på bortebane.

Sogndal slo ut Molde på «Røkkeløkka», og Stabæk tapte borte mot Tønsberg. Tønsberg slo ut Vålerenga i sist runde.

I tillegg er Brann ute etter å ha tapt mot Fyllingen i 2. runde.

I fjor var det Jesper Mathisen, som bomma på den avgjerande straffa mot Løv-Ham. Det vil han revansjere.

– Må vere skjerpa

– Vi skal vere fullt skjerpa, og er veldig revansjesugne frå i fjor. Samstundes har vi respekt for Sandnes Ulf. Dei har nokre gode og rutinerte spelarar som har vore med i mange år. Vi må vere skjerpa dersom vi skal gå vidare, seier Mathisen.

Trenar Knut Tørum vil gjere det han kan for unngå det mange av kollegaene hans gjorde i går, nemleg å tape mot eit lag frå divisjonen under.

– Vi vil vidare i cupen. Vi er det sterkaste laget og må bruke det som ein mental fordel i staden for å vere redd for alt det andre, seier Tørum.

Kveldens kampar

Det står att fire kampar i cupens 3. runde. Fyllingen tek imot Viking på Varden Amfi, medan Start altså møter Sandnes Ulf på Sør Arena i kveld. Begge desse kampane kan du følgje direkte her.

30. juni møter Alta Rosenborg på Lerkendal. I tilegg skal Hønefoss spele mot Sarpsborg 08. Denne kampen vart utsett på grunn av streiken, og det er usikkert når den vil bli spelt.

Følgjande lag er allereie klare for åttendelsfinale:
Follo, Strømsgodset, Tønsberg FK, Kongsvinger, Fredrikstad, Sandefjord, Odd Grenland, Løv-Ham, Sogndal, Ranheim, Tromsø og Haugesund.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %